Hopp til innhold

Her ryk champagnen midt i Mjelde si opprykkstale

Start-spelarane sleppte jubelen laus i garderoben etter at dei sikra opprykk til eliteserien mot Sandefjord på Sør Arena.

Slik feirer Startgutta opprykket

VIDEO: Sjå Start-spelarane feire opprykket i garderoben etter kampen. Foto: ikstart.no/Håkon Repstad

Start-trenar Mons Ivar Mjelde rakk aldri å fullføre opprykkstalen i garderoben etter at opprykket vart sikra heime på Sør Arena.

– Vi sette oss eit mål saman i januar og vi har jobba knallhardt for å nå dette. Det er ein ufatteleg tilfredsstillelse å nå mål saman med andre, sa trenaren.

– Vi skal ta nye steg saman. Då må vi ha det grunnfjellet..., så gjekk champagnekorken rett bak ryggen til trenaren.

– Eit stort press

Spelarane vedgår at dei har opplevd eit stort press i forhold til å klare opprykk.

– Det har vore eit press på oss med tanke på at klubben kanskje ikkje hadde råd til ein ny sesong i 1. divisjon. Vi måtte leve med presset. Vi har hatt fullt fokus på det vi skulle gjere og det har vi klart, seier kaptein Glenn Andersen til NRK.no.

Start har vore gjennom ein dramatisk kuttprosess denne sesongen. Klubben måtte kutte 27 millionar kroner for å komme seg gjennom sesongen.

– Vi har hatt eit enormt trøkk på oss i heile år. Viss vi ikkje hadde klart det hadde vi kanskje vore ferdige, seier Mathisen.

– Korleis har dette påverka dykk gjennom sesongen?

– Det er jo ikkje gøy å ha ei usikker jobbframtid. Eg skal ikkje leggje skjul på at vi har tenkt på det. No må vi berre føle litt på gleda vi opplever i dag, seier Mathisen.

– Nødvendig å rykkje opp

Start-eigar og dagleg leiar Magne Kristiansen er letta over at klubben no er tilbake i eliteserien.

– Ein har alltid råd, men vi måtte ha tilpassa oss eit anna kostnadsnivå. Vi hadde ikkje vore i nærleiken av å kunne satse på den måten vi har gjort i eitt år. Det var nødvendig å rykkje opp, seier Kristiansen.

Kristiansen vedgår at han var spent før kampen mot Sandefjord.

– Det er berre ein god følelse akkurat no. Eg var spent før kampen. Vi hadde hatt fleire moglegheiter om det ikkje hadde gått i dag, men det er deilig å få det i boks, seier Start-eigaren.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %