Hopp til innhold

– Klientane mine blir sjokkert over kor strenge valdsstraffene er

Advokat Pål Minde meiner folk flest kjenner for dårleg til straffereaksjonar i valdssaker. Mange av klientane hans blir overraska når dei får vite kor lenge dei må sitje i fengsel.

Pål Minde om vold

VALD: Advokat Pål Minde meiner folk treng meir informasjon om straffereaksjonar etter vald.

Foto: Håkon Eliassen/NRK - Adius Advokater

– Lovgjevar har skjerpa straffene for vald over tid. Særleg når det gjeld umotivert vald ute på byen og i det offentlege rom. Domstolane har følgt opp, så straffenivået er ganske strengt, seier Minde til NRK.no.

– Mange av klientane mine blir sjokkert og overraska når dei høyrer kor strenge straffer dei får, seier han.

– Lite blest rundt straffene

Advokaten trur at folk får med seg valdsepisodar gjennom mediene. Men at mange ikkje får med seg straffereaksjonen i mange saker.

Åse Michaelsen fra Fremskrittspartiet

STRENGARE: Åse Michaelsen (Frp) vil ha strengare straffer.

Foto: Eirik Damsgaard / NRK

– Det kjem så lenge etterpå at eg trur ikkje alle får den med seg. Det er lite blest rundt det, seier Minde.

Advokaten reagerer på at politikarar med jamne mellomrom stiller spørsmål ved lengda på straffene. Stortingsrepresentant Åse Michaelsen (Frp) sa til NRK.no i førre veke at ho meiner at straffereaksjonane for vald er for milde.

– Du blir gjerne sett inn ein dag eller to, så blir du sleppt ut igjen, så får det ingen konsekvensar. Då er det veldig enkelt å bølle seg på byen igjen, sa stortingspolitikaren.

– Det er uheldig når det vert framført slik. Vi opplever at straffene er merkbare, betydelege og eg får inntrykk av at stortingsrepresentanten ikkje har sjekka straffenivået, seier Minde.

– Straffene er generelt for låge

Det avviser Åse Michaelsen.

– Ein stortingsrepresentant som sit i justiskomiteen og jobbar med saksfeltet skal så absolutt ha meiningar kring dette. Vi meiner generelt at straffene er for låge, og særleg for kriminelle handlingar som umotivert og grov vald, seier Frp-politikaren.

Advokat Pål Minde brukar ein valdsepisode på byen som døme. Dersom ein person slår til ein annan person ligg straffenivået på 60–90 dagars ubetinga fengsel.

– Dersom det endar med at ei nase blir knekt, eller det må syast, så aukar straffene til 4–5 månader. Når vi fortel dette til klientane våre blir dei sjokkert og overraska, seier han.

Får melder til politiet

NRK.no har den siste tida sett fokus på vald. Valdstala er stabile, men valden blir grovare i helgene. I tillegg er det få som vel å melde valdssakene til politiet.

Første halvår i år vart 14 000 valdssaker melde til politiet. Politiet trur det er store mørketal.

– Folk som kan ha blitt slått ned, folk som har vore inne i bråk. Dei har vore fulle og hugsar ikkje så mykje og let vere å melde saka. Det ser vi ikkje vekk i frå, sa politistasjonssjef i Arendal, Jan Sverre Krogstad til NRK.no tidlegare denne veka.

Mange voldsofre velger altså å ikke anmelde saken. Det mener Landsforeningen for Voldsofre. De frykter at sakene som ikke blir anmeldt fører til mindre forebygging av vold.

VIDEO: Få som blir utsett for vald melder saka til politiet.

Vil ha fokus på straffereaksjonar

Pål Minde trur fokus på straffereaksjonar etter vald i seg sjølv vil verke skremmande på mange.

– Eg trur det er viktig at det vert informert godt kring dette. Vi må vise kor alvorleg samfunnet faktisk ser på slike saker. Så må vi følgje opp med haldningsskapande arbeid, seier Minde.

Han meiner også at mediene ofte er for dårlege til å formidle dommane i valdssaker.

– Pressa må følgje med på kva konsekvensane blir. Dette kjem ofte i bakgrunnen og kan ha samanheng med lang sakshandsamingstid, seier han.

Det er stortingsrepresentant Åse Michaelsen einig med advokaten i.

– Dette ansvaret må både vi politikarar og de i media ta. Folk må få informasjon om straffenivået. Slik informasjon kan vere førebyggjande, seier Michaelsen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %