Hopp til innhold

– Trist at Armstrong har dopa seg

Thor Hushovd snakkar for første gang om dopingsaka mot Lance Armstrong.

Thor Hushovd er trist og sjokkert etter å ha lest rapporten som slår fast at Lance Armstrong og de fleste rytterne på US Postal var dopet. Grimstadsyklisten sier han også er overrasket over at dopingen var satt i et så omfattende system.

VIDEO: Thor Hushovd måtte svare på spørsmål kring Lance Armstrong på ein pressekonferanse fredag.

– Det er trist og sjokkerande at Armstrong har dopa seg. Eg er overraska over at det har vore sett i eit så omfattande system, sa Hushovd på ein pressekonferanse fredag.

– Eg innser no at opplysningane kring Armstrong er riktig, sa Grimstad-syklisten.

Hushovd gjer det også klart at han ikkje vil ta kontakt med den amerikanske syklisten.

– Eg kjem ikkje til å ringje og støtte han no, seier Grimstad-syklisten.

Armstrong Doping Cycling Lance Armstrong

DOPA: Lance Armstrong er utestengd frå alle organisert idrett på livstid.

Foto: Marcio Jose Sanchez / Ap

Hushovd skulle eigentleg presentere sitt eige sykkellag Plussbank BMC på ein pressekonferanse, men fekk spørsmål frå pressa kring Lance Armstrong.

Nekta å snakke

I sommar fekk ikkje Hushovd lov til å seie eit einaste ord om dopingskuldingane av BMC-leiinga.

– Eg kan ikkje seie så mykje om saka. Eg får ikkje lov, sa Hushovd.

Onsdag sende det amerikanske antidopingbyrået (USADA) over dokumenta i dopingsaka mot Lance Armstrong til Det Internasjonale Sykkelforbundet (UCI).

Rapporten på 1000 sider slo fast at Armstrong har teke i bruk det mest omfattande dopingprogrammet nokosinne for å oppnå sigrarar på sykkelsetet.

I sommar vart Armstrong utestengd frå all organisert idrett på livstid. Samstundes vart han fråteken alle sju sigrar i Tour de France frå 1999 til 2005.

– Kan øydeleggje norsk VM

Tidlegare fredag frykta sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen at dopingsaka mot Armstrong kan øydeleggje eit eventuelt sykkel-VM i Norge.

– Vi er heilt avhengig av goodwill for å kunne arrangere eit sykkel-VM. Goodwill frå politikarar, innbyggjarane i Bergen, ja heile Norge, sa han til Aftenposten.

– Og så treng vi sjølvsagt nokre kroner for å finansiere opp eit VM. Og allereie før dette siste kom opp har vi fått nei frå nokre på grunn av sportens dopinghistorikk, seier Tiedemann Hansen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %