Hopp til innhold

– For mange droppar å melde vald

Landsforeininga for valdsoffer er uroa fordi for mange vel å ikkje melde vald til politiet. Dei fryktar at få politimeldingar fører til mindre valdsførebyggjing.

Mange voldsofre velger altså å ikke anmelde saken. Det mener Landsforeningen for Voldsofre. De frykter at sakene som ikke blir anmeldt fører til mindre forebygging av vold.

VIDEO: Sjå reportasje.

Marit Lømo

- FOR FÅ: Marit Lømo meiner fleire bør melde vald til politiet.

Foto: Håkon Eliassen/NRK

Jan Sverre Krogstad

MELD SAKA: Politistasjonssjef i Arendal, Jan Sverre Krogstad, trur det er store mørketal når det gjeld talet på politimeldingar etter vald.

Foto: Håkon Eliassen/NRK
– Ein veit jo ikkje omfanget av dette og då kan ein ikkje ta dei reelle tiltaka som skal til, seier leiar i foreininga, Marit Lømo til NRK.no.

Ho jobbar for valdsoffra og er overbevist om at dei fleste ikkje melder vald dei vert utsett for på byen til politiet.

– Ofte har ein ikkje vitne til kven som har slått. Det er mange som vert slått ned av det vi kallar umotivert vald, seier Lømo.

– Flaut å tilstå

– For mange er det flaut å tilstå at ein har blitt utsett for vald. Det går på manndommen laus. Mange er redde for konsekvensane og hemnaksjonar, seier ho.

I helga var NRK.no tilstades då ein mann vart slått ned og skada i Arendal sentrum. Han valde å ikkje melde saka til politiet. Også politiet stadfestar at mange vel å ikkje melde saka.

– Politiet har eit ynskje om at folk melder sakene, men ein god del gjer ikkje det. Mange tek standpunkt til det akkurat når det skjer, seier innsatsleiar hos politiet, Knut Inge Haugesten.

14 000 melde vald

Laila Venaas

OVERTALAR: Sjukepleiar Laila Venaas seier at legevakta ofte overtalar folk til å melde valdssaker til politiet.

Foto: Håkon Eliassen/NRK

I løpet av første halvår i år vart 14 000 valdssaker melde til politiet i Norge. Mange av sakene dreiar seg om vald i sentrum i helgene. Berre i Arendal får dei inn over 200 valdsmeldingar kvart år. Politiet trur det er store mørketal.

– Folk som kan ha blitt slått ned, folk som har vore inne i bråk. Dei har vore fulle og hugsar ikkje så mykje og let vere å melde saka. Det ser vi ikkje vekk i frå, seier politistasjonssjef i Arendal, Jan Sverre Krogstad.

På legevakta i Arendal viser erfaringane det same. Sjukepleiar Laila Venaas seier særs mange let vere å melde valdssaker.

– Vi har ein del tilfelle der vi veit at dei ikkje kjem til å melde saka. Anten fordi dei seier det direkte til oss, eller at dei seier at dei ikkje torer å melde saka fordi dei fryktar represalier, seier Venaas.

– Ein del tykkjer ikkje sjølv at det er alvorleg nok til at dei skal melde saka. Det er fleire gonger at vi anbefalar dei, eller overtalar dei til å melde saka, seier ho.

Laila Venaas

VALDSBEHANDLING: Sjukepleiar Laila Venaas gjer klart til å ta imot ein ny pasient på legevakta i Arendal.

Foto: Håkon Eliassen/NRK

– Meld ifrå uansett

Margit Lømo i Landsforeininga for valdsoffer meiner det er viktig for samfunnet å melde saker der ein er utsett for vald. Men det er også viktig for det enkelte valdsoffer.

– Ved å ikkje melde saka får det alvorlege konsekvensar om du har fått ei reell skade. Skadeomfanget ser ein gjerne ikkje før det har gått ei stund, seier Lømo.

– For å få valdsoffererstatning frå staten, som du har krav på, er det eit krav frå staten at saka skal meldast. Vi oppfordrar alle til å melde uansett om du veit kven som står bak, eller ikkje, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %