Hopp til innhold

Angrepshundar stolne frå kennel

Dei to hundane som er i varetekt etter angrep på ein familie i Mandal vart stolne frå ein kennel natt til torsdag.

Hunder gikk til angrep

STOLNE: Dei to hundane som er begjært avliva i Mandal er stolne frå kennelen der dei sit i varetekt.

Foto: Odd Rømteland / NRK

23-åringen som eig hundane er arrestert og mistenkt for å stå bak innbrotet. Han er no sikta for grovt tjuveri.

– Vi har pågripe hundeeigar. Han er nettopp teke i forvaring hos oss, seier Bjart Gabrielsen ved Mandal politistasjon til Lindesnes.

– Farlege hundar

Tjuveriet vart oppdaga i samband med morgonstellet på kennelen.

– Det er naturleg, etter vår meining, å pågripe hundeeigaren. Vi meiner han bør ha kunnskap om saka, seier Gabrielsen.

– Vi prøvar via ulike kanalar å finne ut kvar hundane er. Politiet meiner dei er farlege og det er difor særs viktig å finne tak i dei så raskt som mogleg, slik at vi ikkje risikerer at det oppstår skade, seier Gabrielsen til NRK.no.

Så langt har politiet ingen spor etter hundane.

Familie angrepet av hunder

BITT: Mor, barn og onkel vart alle kvesta i det grusomme angrepet frå tre hundar i Mandal i juli.

Foto: Thomas Grønvold / NRK

Begjært avliva

Tidlegare sa politit at det vil bli teke ut tiltale mot den 23 år gamle hundeeigaren. Hundane hans gjekk til angrep på to vaksne og eit barn og dei tre fekk alvorlege bittskader. Hundane er tidlegare begjært avliva.

– Det vil bli teke ut tiltale etter hundelova, sa politiadvokat Berit Voxen til NRK.no.

Mannen er sikta for grov uaktsomhet for ikkje å ha hatt kontroll på hundane som altså blant anna beit ein 2-åring. Sikta erkjenner ikkje straffeskuld.

23-åringen har bede om at hundane ikkje blir avliva før saka kjem opp i rettssystemet.

Betalingsfrist i dag

Til no har hundane vore oppbevart på ein kennel. Rekninga må hundeeigaren sjølv ta, og han hadde frist til å betale 39 000 kroner torsdag. Hundeeigaren vil bli avhøyrt i løpet av dagen.

– Difor meiner vi det kan ha ein samanheng, utan at vi ha dokumentasjon på det. Vi har valt å pågripe huneeigar og sikte han for grovt tjvueri. Men det betyr ikkje at vi har noko å henge hatten på. Vi byrjar frå ein kant, seier Gabrielsen til NRK.no.

De to hundene som angrep en familie i Mandal i sommer, ble stjålet fra en kennel i natt. Hundeeieren, som er pågrepet og siktet for grovt tyveri, erkjenner ikke skyld i forhold til tyveriet.
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %