Hopp til innhold

Slår alarm mot private vaktselskap

110-sentralen i Aust-Agder stiller spørsmål ved private vaktselskap si evne til å redde liv og verdiar ved brann.

Brannbiler hotellbrann

ÅTVARAR: Brannvesenet er kritiske til korleis vaktselskapa handterer brannutrykningar.

Foto: Vegard Woll / NRK

– Private vaktselskap tek på seg tenester dei ikkje har kompetanse, utstyr eller ressursar til å handtere, seier konstituert leiar ved sentralen, Rune Vårdal Paulsen til Agderposten.

Dersom du er tilkopla eit privat vaktselskap må vektarar som er på vakt forsikre seg om at det ikkje dreiar seg om falsk alarm, før dei ringjer brannvesenet.

Kostar 6000,-

– Då kan det ta inntil 45 minutt før vektaren er på staden for å konstatere om det verkeleg brann, seier han til avisa.

Tidlegare kontakta vaktselskapa brannvesenet og bad dei rykkje ut ved brannalarm. Då brannvesenet byrja å sende rekning etter unødvendige utrykkingar, slutta dei med dette.

Ei unødvendig utrykking kostar vaktselskapa over 6000 kroner, ifølgje avisa. Difor har vaktselskapa byrja med å ringe for å «informere» om brann.

– Eg opplever dette som eit spel om kven som til slutt skal bli sitjande med «svarteper», seier Vårdal Paulsen.

Han gjer det klart at brannvesenet ikkje vil fakturere privatpersonar som varslar om brann.

– Sterkt beklageleg

Agderposten viser til ein brann i Lillesand, der det tok 39 minutt før ein vektar frå selskapet G4S var på staden for å sjekke om det brann. Presseansvarleg i selskapet, Ådne Mauritzen, beklagar.

– Det er sjølvsagt sterkt beklageleg at det skal ta 39 minutt. Vi gjer alltid det optimale og anstrenger oss til det yttarste når det gjeld brann, seier han til Agderposten.

På spørsmål om kvifor dei ikkje ringjer 110-sentralen med ein gang dei får melding om brann, svarar Mauritzen slik:

– Det er ikkje sikkert at kunden vil ta den økonomiske belastinga dersom alarmen skulle vise seg å vere falsk, seier han til avisa.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %