Hopp til innhold

– Dette kunne ha vore unngått

Senterpartipolitikar og nestleiar i rovviltnemnda, Kåre Gunnar Fløystad, krev at landsbruksministeren kjem på bana etter fleire angrep på sau på Sørlandet i sommar.

Sau drept

DREPT: Rundt 40 sauer og lam er skada eller drept av ulv på Agder i sommar. Denne sauen vart funne drept i Sør-Audnedal natt til søndag.

Foto: Audun Rossevatn, Statens Naturoppsyn

– Dersom direktoratet hadde fulgt opp Stortinget sin rovviltpolitikk hadde vi hatt eit lågare konfliktnivå, seier Fløystad til NRK.no.

– Vi hadde fått teke ut dette eine dyret mykje tidlegare. Men det ville dei ikkje fordi dei meinte at det ikkje hadde skadepotensial, seier han.

Nye angrep

Kåre Gunnar Fløystad

Kåre Gunnar Fløystad

Foto: Svein Sundsdal / NRK

I løpet av sommaren har nær 40 sauer på Sørlandet blir skada eller drept av ulv.

Natt til måndag kom den tiande meldinga om ulveangrep på Sørlandet i sommar. Denne gangen var det i Sør-Audnedal i Vest-Agder.

Det er gitt fellingsløyve på ein ulv. Statens naturoppsyn meiner det er to ulvar på Sørlandet. Så langt har ikkje jakta gitt resultat.

– Må følgje opp

– Å ta ut enkeltdyr som vandrar over store område er frykteleg tøft. Det hae jo vore gitt mange fellingsløyver sommartid dei siste ti åra, men få av dei lukkast, sa rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn til NRK.no måndag.

Etter ulveangrepet i Sør-Audnedal krev Kåre Gunnar Fløystad handling.

– Her må vi få til at naturforvaltinga føl opp eit einstemming vedtak i Stortinget. Eg krev at landbruksministeren, som ansvarleg for dyra sitt velferd, kjem på bana, seier Fløystad.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %