Hopp til innhold

MC-president flyttar til Sørlandet

Europapresidenten i MC-klubben Mongols flyttar til Kristiansand for å «byggje opp klubben».

MC Mongols

TIL KRISTIANSAND: MC-klubben Mongols er stifta i Kristiansand. No flyttar europapresidenten til byen for å hjelpe dei i gang. (Arkivfoto)

Foto: Steffen Zachariassen / NRK

– Eg kan stadfeste at jeg flyttar til Kristiansand for å bygge opp igjen klubben på Sørlandet, seier europapresident Michael Willumsen til ABC Nyheter.

15. juni vart den internasjonale og omstridde MC-klubben stifta i Kristiansand. Mongols er ein internasjonal klubb som politiet kallar ei særs valdeleg gruppering.

– Vi registrerer at han har sagt at han flyttar til Kristiansand i media. Om han gjer det må han sjølvsagt få lov til det. Vi vil uansett ha same syn på Mongols, ein klubb vi ikkje ynskjer i byen, seier etterforskingsleiar i Agder politidistrikt, Kjell-Erik Eriksen til NRK.no.

– Skittent spel

Før stiftinga av klubben sa politiet at dei ville gjere alt dei kan for å hindre etablering. Samstundes erkjente dei at det vil bli vanskeleg.

Også Kristiansand kommune har gitt klar beskjed om at dei ikkje ynskjer at klubben skal etablere seg i byen. No varslar Willumsen kamp.

– Om ikkje politiet gir seg med maktmisbruket, vurderer eg å hente utanlandske medlemmer til Norge. Dette er eit skittent spel frå norsk politi. Dei trakasserer og pågrip våre medlemmer utan at dei har gjort noko kriminelt, seier han til nettstaden.

– Vil politiet ha eit helvete, skal dei få det, legg han til.

Meiner dei blir forskjellsbehandla

I samband med stiftinga av klubben vart fire av medlemmene arrestert og sikta for ran, pengeutpressing og vald. I midten av juli sa politiet at dei vil halde fram etterforsking av resten av gruppa.

– Kvifor er Hells Angels og Bandios dei einaste klubbane i Norge som skal ha rett til å ha tilhaldsstad i Oslo? Det er nesten så ein skulle tru politiet er kjøpt og betalt. Som menneske reagerer eg på forskjellsbehandlinga, seier Willumsen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %