Hopp til innhold

Ti tiltalt for barnebortføring

Ti personar er tiltalt etter at to jenter på 13 og 14 år vart bortført då dei var på besøk hos faren sin i Åmli i Aust-Agder i 2010.

Bortføring Åmli

BORTFØRT: Det var frå dette huset dei to jentene vart bortført av fleire personar.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Blant dei tiltalte er mor, stefar, søsken og vener av søskena, skriv Agderposten.

Mora heldt barna skjult for politiet i Vestfold, der ho budde.

Ein av personane er tiltalt for å ha hatt med seg øks, kniv og hammar inn i bustaden då dei bortførte jentene frå faren sin bustad.

Alle dei ti personane er tiltalt for vald og bortføring av dei to jentene ved bruk av tvang.

Det var natt til 16. august i 2010 at dei to jentene vart bortført av fleire personar. Personane braut seg inn i faren sin heim, der jentene var, og tok dei med seg.

– Stor øks rett mot meg

– Eg høyrer nokon som tek i døra, og eg skvett opp av stolen. Eg snur meg, og då kjem det nokon med ei stor øks rett mot meg, sa faren til NRK.no.

Seinare på natta stoppa politiet to bilar med til saman sju personar etter hendinga. Desse vart arrestert og sikta etter bortføringa. Blant dei arresterte var brørne til jentene.

Det vart sett i gang leiting etter dei to jentene, som var sporlaust borte etter bortføringa. På kvelden 16. august sa mor til barna følgjande:

– Eg kan stadfeste at jentene er hos meg. Dei har det bra, sa ho.

Plassert i beredskapsheim

Dagen etter vart mora arrestert og sikta for bortføring av dei to jentene. Mora hevda heile tida at det ikkje var snakk om bortføring sidan ho hadde den daglege omsorga for barna.

Jentene vart seinare teke hand om og plassert i ein beredskapsheim hos barnevernet i Vestfold. Mor til barna budde på ein liten stad i fylket.

Rettssaka mot dei ti personane startar i Aust-Agder tingrett i neste veke. Det er sett av fire dagar til saka.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %