Hopp til innhold

Vil sjekke om hundane er trena til å angripe

Politiet i Mandal vil no undersøkje nye opplysningar som har dukka opp i hundesaka i Mandal. Påstandane går ut på at eigaren skal ha trena opp hundane til å angripe.

Hunder skambet barn og voksne

ETTERFORSKING: Politiet vil no undesøkje nye opplysningar i hundesaka i Mandal.

Foto: Odd Rømteland / NRK

– Vi vil gjennomføre eit vitneavhøyr av ein person som har lagt fram opplysningar om dette, seier politistasjonssjef i Mandal, Bjart Gabrielsen til NRK.no.

Bjart Gabrielsen

POLITI: Politistasjonssjef Bjart Gabrielsen etterforskar hundesaka i Mandal.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Det er avisa Lindesnes som tysdag skriv at den sikta hundeeigaren skal ha trena hundane sine til å angripe. Treninga skal ha føregått i eit skogsområde i Mandal.

Avisa har snakka med ei annonym kjelde, som hevdar at hundeeigaren skal ha blitt observert når han har trent hundane til å angripe bildekk.

Uviss hunde-skjebne

– Det som eventuelt kjem fram i avhøyr vil vere med på å danne grunnlag for vurdering av kva som skal skje med hundane, seier Gabrielsen.

– Er det ulovleg å drive trening med hundar på denne måten?

– Sånn umiddelbart førestiller eg meg at det er ulovleg. Men eg er ikkje i stand til å seie kvifor. Kamptrening med hund høyrer ikkje ut til å vere særleg samfunnsnyttig, men eg veit faktisk ikkje om det er ulvoleg, seier Gabrielsen.

Politiet vil ikkje ta stilling til om hundane skal avlivast før saka er ferdig etterforska. Men ei avgjerd er truleg rett rundt hjørnet.

– Vi har eit håp om at saka skal vere ferdig etterforska i løpet av veka, seier politistasjonssjefen.

Lekeplass, Mandal

ANGREP: Det var på denne leikeplassen i Mandal at dei tre personane vart angripe i førre veke.

Foto: Rådmund Steinsvåg / NRK

Angreip 2-åring

Det var onsdag i førre veke at tre personar vart angripne av tre hundar i Mandal. Dei tre personane som vart angripne var eit to år gammalt barn, mor hans og hennar bror. Dei gjekk først til angrep på den vesle guten, og deretter på kvinna og mannen som forsøkte å redde barnet.

Måndag kom det fram at hundeeigaren ikkje vil akseptere avliving av hundane. 23-åringen er sikta for brot på hundelova og legemsskading. Men han erkjenner ikkje straffeskuld.

– Den stakk over gjerdet ein stad der det er lågare enn vanleg. Den gjekk ein veg den er kjend med, seier hundeeigaren til Dagbladet.

– Kva seier du til at barnet vart bite i ryggen?

– Truleg skjedde det fordi kvinna heldt barnet opp føre seg. Det var nok ein feil frå hunden si side, seier den sikta 23-åringen til avisa.

– Nye opplysningar

23-åringen eigde kun to av hundane. Den tredje hunden var på besøk hos sikta då angrepet skjedde.

– Så langt eg kan sjå no kjem vi ikkje til å sikte fleire i saka. Men dersom det kjem nye opplysningar er det ei opning. Slik saka står no trur eg ikkje det er tilfelle, seier Gabrielsen.

23-åringens advokat vil ikkje kommentere saka overfor NRK.

 I ettermiddag kunne en 21 år gammel kvinne fra Makedonia gjenforenes med sin to år gamle sønn etter at hun kom hjem fra sykehuset. I går beskyttet hun den lille gutten med sin egen kropp da de ble angrepet av hunder på en lekeplass i Mandal

VIDEO: Desse tre personane vart angripe og bite av dei tre hundane i førre veke.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %