Hopp til innhold

Kjempar for telefonkiosken i bygda

Valle kommune vil ikkje la Telenor fjerne den raude telefonkiosken i sentrum av bygda utan kamp.

Telefonkiosk i Valle

TELFONKAMP: Valle kommune kjempar for å behalde den raude telefonkiosken i kommunen.

Foto: Sylvia Barman-Jenssen

– Dei raude telefonkioskane er jo kulturminne. Vi ynskjer å behalde den av den grunn. Den er ein del av sentrumsmiljøet vårt, seier leiar for kultur- og fritid i kommunen, Torunn Charlotte Lund til NRK.no.

Men problemet er at Telenor vil fjerne den gamle telefonkiosken fordi den ikkje lenger dreg inn nok pengar.

Politisk kamp

Formannskapet i Valle har sagt ja til å halde fram kampen for telefonkiosken i bygda. Dei vil også at den skal kunne nyttast til ringing i framtida, og ikkje at den berre skal stå der som ein museumsgjenstand.

– Telenor har ikkje stengt den enda. Så saka er ikkje avslutta frå vår side, seier Lund.

Vielse i telefonkiosk

BRYLLAUP: I høve 70 årsdagen til den raude telefonkiosken valde eit par å gifte seg i ein slik ein for ti år sidan.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Telenor sin riksantikvar har bestemt at det skal finnast 100 verneverdige raude telefonkioskar til ei kvar tid. Det betyr at dersom ein vert lagt til lista, skal ein annan fjernast.

Vil ta rekninga

Telefonkiosken er så viktig for setesdølane at kommunen no er villige til å ta det økonomiske ansvaret dersom dei får behalde telefonkiosken. Det er fin musikk i øyra til kommunikasjonssjef ved Telemuseet, Laila Andersen.

– Absolutt. Men skal den få status som verna telefonkiosk må den gjennom nokre prosedyrar, seier Andersen.

Den raude telefonkiosken vekkjer kjensler for mange i heile landet. I 1932 teikna arkitekten Georg Fasting telefonkiosken. Barnebarnet til Fasting tok sjølv affære då ein av kioskane ikkje fekk status som verneverdig, og sette den like godt på badet og brukar den som dusjkabinett.

– Eg tykkjer først og fremst at kiosken er veldig fin. Og at farfar som teikna den var ein veldig fin fyr. I mange år drøymde eg om å ha ein kiosk som eit minne om han. Då vi kjøpte huset passa det å slå hol i murveggen og tre den inn, sa Jan Fasting til NRK.no i 2010.

Jan Fasting

DUSJKABINETT: Jan Fasting tok like godt i bruk ein telefonkiosk som dusjkabinett for å heidre bestefaren som designa kiosken.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %