Hopp til innhold

No skal «Jesus» seljast på Finn

Geitebukken «Jesus» som skremde ein familie opp i eit tre skal leggjast ut til sals på nettstaden Finn.no. Dermed slepp han å ende opp på grillen - dersom nokon vil ha han.

Bukken "Jesus"

FÅR LEVE: Geitebukken «Jesus» endar likevel ikkje opp som grillmat. No skal han få ein ny heim, dersom nokon vil ha han.

Foto: Privat

Tor Brede Launes

EIGAR: Tor Brede Launes vil likevel ikkje avlive «Jesus» og vil prøve å selje geitebukken på Finn.no mot ein dunk med altervin.

Foto: Privat

– Eg ville i utgangspunktet avlive han. Men så fekk eg beskjed frå nokre dyrevernarar som var litt sure for det, så håpar eg at nokon andre vil overta han, seier eigar Tor Brede Launes til NRK.no.

Det var førre helg at ein aggressiv geitebukk stanga og gjekk til angrep på ein familie som var på tur på Fugløya utanfor Søgne i Vest-Agder. Den hissige bukken gjekk til angrep med horna sine.

Klatre opp i tre

Turfølgjet såg ingen annan utveg enn å klatre opp i eit tre og ringe politiet. Politiet prøvde å ta hand om «Jesus», men måtte til slutt pruke peparspray.

Det førte til at bukken stakk av. Dagen etter sa eigaren at geitebukken ville ende opp som grillmat.

– Eg trur nok ikkje eg kan ha han der ute slik som han er no, så han hamnar nok på grillen før sankthansaftan, sa Launes måndag.

Men etter tilbakemeldingar frå fleire personar har Launes no bestemt seg for å ikkje avlive «Jesus», og heller prøve å selje han.

Vil ha altervin

– Etter at denne saka fekk så mykje merksemd trur eg ikkje det vil vere lurt å skyte han. Eit vådeskot hadde ikkje sett særleg bra ut. Difor legg eg «Jesus» ut for sal, seier han.

– Trur du at nokon vil kjøpe han?

– Ja, det trur eg. Får eg ein dunk med altervin let eg «Jesus» gå, seier han.

Dagen etter dramatikken på Fugløya var eigaren ute for å leite etter «Jesus». Geitebukken var ikkje å finne.

Mirakelgeit

– Eg følte meg ganske dum når eg gjekk der og ropte "Jesus, Jesus". Heldigvis var eg aleine, sa Launes.

Bakgrunnen for at geitebukken fekk namnet «Jesus» var frå barndommen hans. Som liten geitekilling datt han ned ein skråning og var nær døden.

– Men han overlevde etter å ha blitt fôra opp og fekk difor namnet «Jesus», seier han.

No skal Launes på nytt prøvde å finne «Jesus» slik at andre kan overta han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %