18.05.2013

38-åring sikta på folk med våpen

Ein 38 år gammal mann er arrestert etter å ha sikta på folk med eit luftvåpen i Vanse sentrum.

– Dei første meldingane gjekk ut på at mannen gjekk rundt å sikta på forbipasserande. Det var jo nok til å skremme vettet av folk, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Per Lauvnes til NRK.no.

Politiet fekk inn den første meldinga klokka 15.01 søndag ettermiddag. Politiet rykte ut, men det tok nesten 40 minutt før mannen vart arrestert.

– Mannen vart arrestert utan dramatikk. Han hadde lagt ifrå seg våpenet og viste dette til politiet. Det dreiar seg om ein luftpistol, seier Lauvnes.

Mannen blir no køyrd til politistasjonen i Kristiansand der han blir fengsla.

– Vi gjer ikkje noko meir i forhold til mannen i dag. Dette blir teke hand om måndag, seier operasjonsleiaren.

Siste: Sørlandet

Tips NRK Sørlandet

SørlandsScenen
Klassequizen
YR Aust-Agder
YR Vest-Agder

TV-dokumentarer: