23.02.2012
Halvér straumutgiftene:

Lag din eigen straum

Craftengine (Foto: Svein Sundsdal/NRK)

STRAUM: Det nye appratet Craftengine gjer at du kan produsere straum til din eigen bustad i din eigen kjellar.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Ei heilt nyt oppfinning skal gjere det mogleg å produsere straum heime i din eigen kjellar. Apparatet som er på storleik med ei vaskemaskin brukar fornybare kjelder som biomasse eller sol for å produsere straum.

– Du kan produsere både straum og varme til bustaden din til ein låg kostnad, seier oppfinnar Harald Nes Rislå til NRK.no.

Tysdag vart det nye apparatet lansert i Kristiansand. Prototypen er plassert ved Teknisk Universitet i København der det blir produsert både varme og elektrisitet.

30–40 øre per kWh

– For ein forbrukar til dømes på eit norsk gardsbruk, som har tilgang på flis, vil kostnaden vere på rundt 30–40 øre per kilowattime. Då snakkar vi kostnad som inkluderer både varme og elektrisitet, seier oppfinnaren.

For straum ligg prisen i dag på litt under ei krone per kilowattime inkludert nettleige. På spørsmål om dette er for godt til å vere sant, svarar Nes Rislå følgjande:

– Du kan ta ein tur til København. Så kan du sjå korleis maskina fungerer.

Apparatet er rekna å koste mellom 40 000 og 80 000 kroner i innkjøp.

Tor Hodne og Harald Nes Rislå (Foto: Svein Sundsdal/NRK)

LANSERING: Tor Hodne (t.v) og Harald Nes Rislå viser stolt fram det nye appratet som produserer straum.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Trur på revolusjon

Administrerande direktør i selskapet Viking Development Group, som har utvikla apparatet trur på ein revolusjon.

– Det er mange ting som tyder på det. Det er etablert tilsvarande teknologi i Europa, men ikkje som går på fornybare energikjelder. Trenden for sal av slike anlegg er eksplosiv, seier Tor Hodne.

Apparatet kan produsere både vannbåren varme og kjøling. I tillegg reklamerer selskapet med at ein tidvis kan produsere meir straum enn ein har bruk for, og dermed selje straumen til straumleverandørar med god forteneste.

For å kunne produsere straum og varme treng du fornybare energikjelder som biomasse, pellets, flis, sol eller spillvarme.

– Vi har lagt mykje fokus på å produsere maskina basert på eksisterande produksjonsteknologi og innanfor masseproduksjonsverda som til dømes bilindustrien. Det er ein heilt avgjerande faktor for å få ned prisen på systemet, seier direktøren.

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.
Banner valgresultat 2011 468x110

Siste: Sørlandet

Se TV-sendingene
Høstradio, NRK Sørlandet
Klassequiz promo
Opplev Agder
SørlandsScenen

Siste riksnyheter

SISTE SPORTSNYHETER

Siste: Sørlandet