Hopp til innhold

– Leksehjelp er mislykka

Regjeringa sitt prestisjeprosjekt med gratis leksehjelpordning fungerer ikkje som den skal. I staden for å jamne ut sosiale skilnader blir dei forsterka, viser erfaringar frå Kristiansand.

Video Leksehjelp

LITE UTBYTTE: Elevar frå 1.-4. klasse har lite utbytte av ei leksehjelpordning, meiner rektor.

Foto: Nyhetsspiller

– For oss er det eit tankekors at det gir lite utbytte. Det er veldig sterke synspunkt på at ordninga hadde fungert betre dersom den hadde blitt lagt på mellomtrinnet, seier oppvekstdirektør i Kristiansand, Arild Rekve, til NRK.no.

Ei omfattande evaluering i Norges femte største by, Kristiansand, viser nemleg at:

  • Elevane tykkjer det er vanskeleg å jobbe i altfor mykje støy
  • Lærarane meiner barna har lite utbytte
  • Assistentar og pedagogar klagar over at det blir altfor mange å hjelpe
  • SFO blir skadelidande ved at alle ressursar går til leksehjelp.

Skulle jamne ut skilnader

Noko av det viktigaste var nettopp at leksehjelpa skulle gi sosial utjamning. Men i staden opplever altså skulen at den heller grev grøftene djupare mellom elevane.

– Dei meiner faktisk at ordninga bør behovsprøvast. At dei som har aller mest behov for det er dei som skal få ordninga. Det er ei tilbakemelding vi vil gi til den evalueringa som kjem sentralt, seier Rekve.

– Vil det ikkje bli litt urettferdig for elevane som er flinke, at dei ikkje får den tida på å gjere leksene på skulen?

Arild Rekve

Arild Rekve

Foto: Sundsdal, Svein / Svein Sundsdal/NRK

– Jo, det kan du seie. Men dette går på spørsmål i samband med sosial utjamning, seier oppvekstdirektøren.

Kritisert ordning

Ordninga med gratis leksehjelp frå 1.–4. klasse vart innført i 2010. Sidan har ordninga ofte blitt kritisert frå fleire hald. Blant anna av rektor ved Vardåsen skole i Kristiansand, Anne Svendsson.

Rektor ved Vardåsen skole i Kristiansand, Anne Svendsson meiner at barna er for små til at leksehjelp fungerer.

– På småskulen er lekser veldig mykje lesing, og det må høyrast individuelt. Det er vanskeleg å få til når det er berre ein fagarbeidar på 20–25 barn. Så foreldra må høyre leseleksa uansett, seier ho.

Sovepute for foreldra

Ein statistikk som vart presentert i november i fjor viste at 3 av 5 elevar nytta seg av tilbodet om gratis leksehjelp. Men fleire rektorar har vore kritisk til opplegget. Blant andre rektor ved Skodje barneskule i Møre og Romsdal, Kjetil Hjelset.

– Eg er også redd for at ordninga blir ei sovepute for enkelte foreldre, som trur at jobben er gjort og vi ikkje treng gjere noko heime, sa han.

I tillegg har leksehjelpordninga vore ulik frå kommune til kommune. Ei undersøking i 15 av 25 kommunar i Troms i fjor viste at kvaliteten var særs ulik.

Allereie for eitt år sidan påpeika Thomas Nordgård i Utdanningsforbundet at leksehjelpordninga ikkje bidrog til å jamne ut sosiale skilnader, slik regjeringa ynskte.

Kristin Halvorsen

- GI DET TID: Kunnskapsminister Kristin Halvorsen ba i fjor om gi leksehjelpprosjektet tid. No har resultata frå den første evalueringa komme.

Foto: Holm, Morten / Scanpix

Brukar assistentar

Undersøkjinga viste blant anna at mange skular brukte assistentar som lærar i samband med leksehjelp.

– Det er pedagogar som bør gi leksehjelp og ikkje assistentar, som eigentleg berre treng ein rein vandelsattest for å hjelpe til med lekser, sa Nordgård til NRK.no.

Anne Svendsson ved Vardåsen skole i Kristiansand meiner at ei leksehjelpordning kan fungere, men på eldre elevar enn 1.–4. trinn.

– Gi ordninga tid

– På første trinn er det mykje å setje seg inn i. Dei skal på skulen og SFO. Dersom dei også skal på leksehjelp kan det bli mykje å forholde seg til for ein 5-6-åring, seier ho.

– Når dei blir eldre blir dei flinkare til å klare leksene sjølve og dei har større utbytte av å sitje på leksehjelp. Det er vår erfaring, seier rektoren.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen bad i fjor om tålmod til leksehjelpordninga.

– Ordninga er berre eit halvt år gammal. Vi kjem ikkje til å få noko systematisk oppsummering av korleis leksehjelpa fungerer før ut i 2012, sa Halvorsen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %