Hopp til innhold

Får brev frå Breivik-tilhengarar

Fleire i støttegruppa etter 22. juli har fått brev frå personar som uttrykkjer støtte til terroristen Anders Behring Breivik.

Trond Henry Blattmann

BREV: Leiar for støttegruppa etter 22. juli, Trond Henry Blattmann, er ein av fleire som har fått brev får folk som sympatiserer med Anders Behring Breivik.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

– Det står blant anna at Behring Breivik har rett og at alle andre tek feil. Eg har sjølv blitt omtala med mindre hyggelege ord i desse breva, seier Trond Henry Blattmann som leiar støttegruppa til NRK.no.

Blattmann mista sjølv son sin på Utøya 22. juli.

– Dei skriv at vi er i ferd med å øydeleggje det norske samfunnet, og at vi må sperre grensene. Det er eit forkvakla syn på samfunnet desse menneska presenterer gjennom breva. Det kjem åtvaringar og underliggjande trugslar. Det er lite hyggjeleg lesing, seier han.

Støttar Behring Breivik

Det er Dagbladet som i dag skriv om støtteerklæringar som Anders Behring Breivik fekk via Facebook og e-post i timane etter terroråtaka.

Meldingar som «Hei bror! Vi to MÅ snakke!!!» og «eg e på din side. og eg vet ikkje kvifor du drepne dei men. ja ja :)» stod på Facebook-profilen til terroristen etter 22. juli-hendingane.

– Fleire av dei kan verke som støtteerklæringar. Der vi meiner det er behov for etterforsking, så kontaktar vi PST. Det har komme ein del slike meldingar, seier kommunikasjonsansvarleg i Oslo-politiet si 22. juli-eining, Roar Hansen til Dagbladet.

Christian Hatlo og Roar Hanssen

MELDT: Breva som har komme er sendt til politiet, som skal prøve å finne avsendar. På bilete ser du politiadvokat Christian Hatlo (t.v) og kommunikasjonsansvarleg i politiet, Roar Hansen.

Foto: Ingunn Andersen / NRK

Anonyme brev

I tillegg har det altså blitt sendt brev til både medlemmer i støttegruppa og ungdommar som var på Utøya 22. juli. Breva er no levert til politiet.

– Dei er anonyme og det går ikkje an å sjå kvar dei er stempla eller sendt ifrå, seier Blattmann.

– Det er snåle meiningar om korleis samfunnet ser ut og som på sett og vis støttar opp om det terroristen har gjort i forhold til Utøya og regjeringskvartalet, legg han til.

Utøya, 25. juli 2011

DREPT: Tilsaman 77 personar vart drept på Utøya og i regjeringskvartalet 22. juli.

Foto: Anders Nielsen / NRK

Blattmann tykkjer det er trist at haldningane til Behring Breivik får støtte. Han reagerer også på at breva er anonyme.

Trugselbrev

– Dersom det er slik at dei vil stå for haldningane bør dei stå opp og fram og seie kven dei er. Men det torer dei ikkje, seier han.

– Vi lever i eit fantastisk godt samfunn. Det samfunnet desse beskriv er det same som gjerningsmannen vil ha. Eit slik samfunn kjenner eg ingen som vil leve i. Eg tykkjer det er trist, seier Blattmann.

Ifølgje Blattmann har fleire motteke brev. Ungdommar som var på Utøya har også fått brev med trugande karakter.

– Det er nok mange som har opplevd dette. Vi er kjende med at dette gjeld fleire, seier han.

– Det viktig at vi no får klarlagt kva miljø desse haldningane kjem ifrå og at vi får dette opp og fram, seier Blattmann.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %