Hopp til innhold

– Kilden er heilt fantastisk

Kronprins Haakon var mektig imponert over opningsførestillinga på Kilden Teater- og konserthus. Dette er Norges største kulturhus etter operaen i Oslo.

– Det var ei utruleg flott førestilling, og for eit flott bygg. Dette vil Kristiansand nyte godt av i framtida, sa kronprins Haakon då han møtte eit samla pressekorps etter opningsførstillinga på Sørlandet si nye kulturstove.

Svensk dynamitt

Over 1000 frammøtte fylte Kilden i den første framsyninga. Kronprinsen, politikarar, kulturtoppar og «mannen og kvinna i gata» fekk sjå utdrag frå førestillingane som ventar på Kilden det neste året.

Helene Bøksle framførte den første songen i Kilden, då ho ynskte publikum velkommen med «Velkomne æra», skrive av Geirr Tveitt. Av andre kjende sørlendingar var blant andre Kim Andre Rysstad på scena.

Den kjende operasongaren Malena Ernman tok Kilden med storm då ho framførte «Una voce poco» frå «Barbereren i Sevilla».

I tillegg fekk publikum ein smakebit av «Les Miserables». Publikum fekk også høyre utdrag frå «West side story», som også er sett opp på Kilden.

Helene Bøksle under opninga av Kilden.

OPNING: Helene Bøskle fekk æra av å vere den første til å synge i Kilden.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Johanne (10) sang

Størst inntrykk gjorde nok 10 år gamle Johanne Regine Svendsberget, då ho gjekk på scena og framførte «Villan sky» frå «Les Miserables».

– Ho var utruleg flink. Å sjå den vesle jenta på scena var utruleg flott, sa kronprinsen.

Det heile vart avslutta med eit fantastisk fyrverkeri utanfor Kilden.

Også Kulturminister Anniken Huitfelt lot seg imponere.

– Det var ei utruleg flott opningsførestilling. Og bygget her er rett og slett heilt rått. Eg er sikker på at mange kjem til å ta turen til Kilden, også folk som ikkje bur på Sørlandet, seier kulturministeren til NRK.no.

– Fenomenalt for sørlendingane

Kilden består av eit fullt symfoniorkester, teater, opera og kommunal kulturhusdrift. Kronprinsesse Mette-Marit la ned grunnsteinen då byggjinga starta i 2009. 6. januar 2012 markerte altså opninga av Kilden.

– Under opningsførestillinga fekk vi sjå nokre av talenta frå Sørlandet. Eg er sikker på at Kilden vil stimulere til å utvikle endå fleire songarar, skodespelarar og musikarar, seier kulturministeren.

– Å sjå at dette skjer i vår by er fenomenalt for alle sørlendingar, sa ordførar Arvid Grundekjøn til NRK.no etter opningsførestillinga.

Johanne Regine Svendsberget

TALENT: 10 år gamle Johanne Regine Svendsberget under opninga av Kilden.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

– Kommunen må stille opp

Mange er spent på om publikum vil strøyme til frå fjern og nær, slik at økonomien vil bære. Riksteatersjef Ellen Horn viser til at andre kulturhus har slite med drift og tilbod, men er optimist for Kilden.

– Eg har forventningar om at vi får ein fantastisk ny spelestad i Kristiansand. Kilden kan bli eit knutepunkt for heile regionen, men då må kommunen stille opp og publikum strøyme til, seier Horn.

– Eg er sikker på at Kilden kjem til å sørge for at det kjem folk i busslaster frå
Stavanger og Oslo, og med båt frå Danmark, for å sjå kva vi har
fått til her, seier Anniken Huitfeldt.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %