Hopp til innhold

Her leika barna minutt før treet deisa i bakken

Tre barn på eitt, tre og fem år leika i ro og mak utanfor huset i Vennesla. Fem minutt etter at dei var komme i hus høyrde dei eit brak.

Osp deisa i bakken i Vennesla

KREFTER: Den store ospa gjorde store skader på ein bil som sto parkert. Heldigvis var barna, som hadde leika der berre minutt før, gått inn.

Foto: Kari Jeppestøl Arntzen/NRK

– Vi hadde vore ute å leika med ungane og hadde nett komme inn då vi høyrde eit gedigent brak. Då vi såg ut hadde «Berit» røska opp naboen si store osp, seier Kari Jeppestøl Arntzen til NRK.no.

Småbarnsmora jobbar til dagleg i NRK.

– Skummelt

– Berre flaks gjorde at vi hadde gått inn fem minutt før. Det er der barna leikar, og vi er sjølvsagt sjeleglad for at det gjekk godt, seier ho.

Verre gjekk det med arbeidsbilen til ektemannen Trond Holmquist Arntzen. Den vart smadra av det store treet, og har tydelege skader etter at treet deisa i bakken.

– Det er der barna plar leike. Dette var skummelt, men no er heldigvis treet borte, seier Jeppestøl Arntzen.

Herja i Sør-Norge

Uvêret har hjera i Sør-Norge i helga. På Sørlandet har tre blitt reve ned av vinden. I Setesdal måtte bilistane sjølve ordne opp og flytte trea for å komme seg vidare.

– Det er nesten utruleg at ingen har blitt skada. Vi stoppa vel fem gonger der vi måtte fjerne tre frå vegbana, seier Kjetil Pedersen til NRK.no.

Også i samband med tenning av julegrana skapte vinden problem fleire stader. Berre ein halvtime etter tenninga i Arendal reiv vinden grana ned. Heldigvis var ingen personar i nærleiken.

Ospa deisa i bakken i Vennesla

PANG: Bilen som sto parkert fekk merke naturkreftene då ospa vart teken av vinden.

Foto: Kari Jeppestøl Arntzen/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %