Hopp til innhold

Difor bør du droppe dietten

Gløym både lågkarbodiett, feitt-diett og andre diettar om du vil gå ned i vekt og halde vekta nede. Det fins ingen snarveg mot ein slankare kropp, som held seg slank, ifølgje ekspertar og slankarar vi har snakka med.

Tore Eriksen

SVETT: Tore Eriksen har lagt om livsstilen, noko som blant anna inneber meir aktivitet. – Livet er mykje enklare no. Eg har prøvd mange diettar, men har gått opp igjen raskt, seier han.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg har prøvd ein del diettar. Det fungerer der og då, men det fungerer ikkje over lang tid, seier Tore Eriksen.

Tore har akkurat gjort unna dagens treningsøkt på Evjeklinikken i Aust-Agder. Sveittedropane piplar og renn ned langs ansiktet hans etter ei knallhard sirkeltreningsøkt i den gamle gymsalen.

– Eg har prøvd lågkarbodiett sjølv og gjekk ned over 20 kilo. Men eg gjekk veldig raskt opp igjen. Så det fungerer ikkje for meg. Eg klarar ikkje å halde meg på den dietten over ein lang periode, seier han til NRK.no.

– Folk må tenkje sjølv

Alf Tore Moen, Evjeklinikken

LIVSTILSENDRING: Alf Tore Moen meiner kvar enkelt må finne sin måte å gå ned i vekt på. – Men dei aller fleste har nok negativ erfaring med diettar, seier han.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Evjeklinikken er ein av fleire fedmeklinikkar i landet. På det meste er over 70 overvektige samla på den nedlagde militærleiren med eitt felles mål: å gå ned i vekt. Men her står verken lågkarbo eller feitt-diett på programmet.

– Eg tykkjer det er merkeleg at folk, spesielt dei som har vore gjennom mange diettar ikkje går lei av desse diettane, seier dagleg leiar Alf Tore Moen.

– Vi har til dømes agurkdiett, lågfeittdiett. Det er på tide at folk tenkjer sjølv, seier han.

Han kjem rett frå ein undervisningstime med den ferskaste gruppa på slankeklinikken. Han fortel at ungdommar frå 18 år og oppover søkjer seg til Evje for å gå ned i vekt.

Signe Heia Halvorsen jobbar som psykisk helsearbeidar ved klinikken. Heller ikkje ho har tru på at diett er vegen mot å gå ned i vekt, men er glad for at diettar som lågkarbo får merksemd i media. Ho understrekar at ho er glad for at også dei negative sidene ved diettane kjem fram.

– For dei som tenkjer på kort sikt og som vil ha ein rask vektreduksjon er det veldig innbydande å kjøpe Dagbladet, VG eller andre medieartiklar å gå på det, seier ho.

– Men det er viktig å setje seg sjølv målsetjingar og ikkje berre tenkje på kort sikt. Ein må tenke over korleis ein skal kunne klare å halde ut over tid, legg ho til.

Signe Heia Halvorsen

TOTALSITUASJON: Signe Heia Halvorsen er oppteken av å sjå livssituasjonen under eitt. – Du må ta tak i det som ikkje fungerer optimalt. Stressar du i jobben kan det vere nok til å gå opp i vekt, seier ho.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Går raskt opp igjen

Debatten rundt blant anna lågkarbo har rasa i media dei siste månadene. Såkalla «ekspertar» kastar rundt seg med tips og råd framsidene i avisene.

Meiningane er mange, og fleire har stått fram og fortalt om store vekttap. Likevel er Evjeklinikken kritisk diettar, dersom du vil gå ned i vekt og halde deg der.

– Eg har inntrykk av at det er veldig få som kan tenkje seg å leve på ein diett resten av livet. Det er der ein må starte. Å finne fram til endringane som ein kan tenkje seg å halde på, seier Moen.

Aslaug og Mona kjem ut frå gymsalen der dei har vore gjennom dagens treningsøkt. Dei to har vore inn og ut av Evjeklinikken jamleg dei siste månadene. Begge har gått på fleire ulike diettar i håp om å gå ned i vekt.

– Eg har trua på diettar for ein periode. Du kan gå veldig mykje ned i vekt. Det har vist seg mange gonger, ler Aslaug.

– Eg har stadig vekk gått ned, så har det heldt seg ei stund, og eg har gått opp igjen, legg ho til.

– Du kan gå raskt ned i vekt på ein diett. Men det er vanskeleg å halde seg der. Ein går raskt opp igjen og gjerne litt meir. Det er ein ond sirkel. Det blir gradvis eit større problem, seier Mona.

Brødmat

BRØD: Evjeklinikken serverer både brød og knekkebrød i lunsjen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Fins ingen mirakelkur

I aviser, vekeblad og på nettet les ein stadig om «mirakelkurar», slankediettar og piller som bokstaveleg tala skal «renne» av deg kiloane i løpet av få dagar eller veker. Ved Evjeklinikken går nok alt dette rett i søpla. Der er dei opptekne av å kartleggje totalsituasjonen til kvar enkelt. Målet er å endre livsstilen.

– Du må gå inn å sjå på livet ditt, dei ulike arenaene. Du må sjå kva belasting du har i forhold til jobb, barna, heimen og på skulen. Så må du lage målsetjingar ut ifrå der skoen trykkjer mest, seier psykisk helsearbeidar Signe Heia Halvorsen.

Ho dreg fram eit døme der ein person som trenar 6–7 gonger i veka og som et sunt, likevel kan leggje på seg.

– Årsaka til det kan vere at personen er stressa på jobb, eller ikkje meistrar skulesituasjonen. Vi veit at ein kan leggje på seg dersom ein stressar mykje, seier ho.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Forsyn deg ein gang

Mattinntak spelar sjølvsagt ei viktig rolle for om du legg på deg eller ikkje. Mange kjenner seg gjerne att i at ein tek ein porsjon ekstra ved middagsbordet, sjølv om ein er mett.

– Her er vi bevisste på at halve middagstallerken skal innehalde grønsaker. Ein fjerdedel av tallerken skal innehalde mat som er rik på karbohydrat og den siste fjerdedelen skal innehalde proteinrik mat, seier Halvorsen.

– Du forsyner deg berre ein gang. Om ein ser på eit julebord eller koldtbord generelt er det nok ganske mange som forsyner seg både to og tre gonger. Det å følgje tallerkenmodellen er ein faktor som kan vere med på ein varig vektreduksjon, seier ho.

– Når har du «lov» til å ta ein prosjon ekstra?

– Når du veit at du skal på eit julebord kan du vere litt varsam med matinntaket tidlegare på dagen. I tillegg kan du ta ei treningsøkt før. Det handlar om å sjå på det totale kaloriinntaket og den totale forbrenninga, seier Halvorsen.

Sunn mat

INGEN HOKUS POKUS: Ved Evjeklinikken vert det servert mat, som er heilt vanleg i norske heimar.

Foto: Sander Heggheim/NRK

«Lurer» folk til diett

Det er ikkje berre på Evjeklinikken at alarmlampa lyser «raudt» når det gjeld diettar. Overlege Vegard Nilsen ved Sørlandet sjukehus meiner folk blir «lurt» til å tru at diettane fungerer gjennom media og reklame.

– Når eg møter pasientar som slit med vektproblem ser eg at til dømes lågkarbodietten har fått dei til å slutte med feil type karbohydrat. Hovudfienden er sukker, det er vi alle einige om. Men bodskapen om sukker har drukna i lågkarbohysteriet, seier han.

– Pasientane seier ofte at dei har slutta med grovt brød, kokte poteter og gjerne gulrøter. Det er jo ikkje den luraste varianten av karbohydrat dei burde luke ut, seier overlegen.

– Sukkeret er det vi skal gå til krig mot. Vi et mellom 35 og 40 kilo sukker per år i gjennomsnitt per nordmann, seier Nilsen.

LES: – «Feitt-diett» kan gi hjerteinfarkt

Overlegen fortel at du faktisk kan slanke deg ved berre å ete godteri. Som du kanskje har høyrt og lese titusenvis av gonger tidlegare, handlar det om å bruke meir kaloriar enn du inntek. I tillegg meiner han at effekten av trening er noko overvurdert.

– Effekten av fysisk aktivitet er bedrøveleg. I gjennomsnitt kan folk miste 2–5 kilo over tid. Som einaste tiltak vil trening sjeldan føre fram i praksis. Folk som har eit vektproblem må inn å endre både kosthald og aktivitetsnivå, seier Nilsen.

Vil ha laurdagsgodt

Overlegen meiner at laurdagsgodtet bør innførast igjen.

– Sukker bidreg betydeleg til vektproblemet. Hadde folk byrja å ete laurdagsgodteri og halde seg unna godteri og brus i vekedagane ville vi ha nådd kjempelangt. Kombinert med litt meir aktivitet ville vi ha komme utruleg langt, seier han.

Linn Anja Vikøren er nytilsett klinisk ernæringsfysiolog ved klinikken på Evje. Ho er spesielt oppteken av at folk må velje dei riktige matvarene dersom ein skal forandre livsstilen sin.

– Produktval er vesentleg om ein vil endre livsstil. Det er viktig å gjere seg kjend med produkta ein vel. Nøkkelholprodukta er eit veldig godt verkemiddel. Det brukar vi mykje her, seier ho.

– Kjenner folk matprodukta dei brukar?

– Ikkje alltid. Det er ikkje alltid lett å velje dei beste produkta, men når ein vert bevisst på det, trur eg at det vert lettare å ta gode val, seier Vikøren.

– Dei aller fleste har vel sett ei colaflaske før. Men eg trur mange får seg ei aha-oppleving når dei ser kor mykje energi det er i sukkerhaldig drikke, spesielt brus og jus. Mange kan gjere eit mykje betre val ved å kutte ut drikke med mykje kaloriar i, seier ho.

Linn Anja Vikøren

SJOKK: Linn Anja Vikøren viser fram kor mange sukkerbitar det er i ei colaflaske. – Mange får seg eit sjokk når dei ser dette, seier ho.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Diett er forbigåande

Tore, Aslaug og Mona ruslar over plassen frå gymsalen. Dei er på veg til matsalen for å ete lunsj. Det er kaldt i lufta, så det gjeld å komme seg raskt i hus med s.

– Eg trur dette er løysinga. Å leve balansert med aktivitet og inntak av mat. Eg har ikkje veldig tru på at diettar varer livet ut, seier Aslaug.

– Diettar er ein forbigåande ting. Dette er ein evigvarande ting, seier Mona.

I kantina har kokken sett fram dagens lunsj. Laks, kylling, ris, salat og brød står framme. Mona og Aslaug forsyner seg.

– Vi prøvar å følgje tallerkenreglane vi har lært her. Det prøvar vi å følgje også når vi er heime, seier dei før dei set seg ned saman med dei andre og nyt maten.

Om tre månader er dei ferdige med opplegget på Evjeklinikken. Tidlegare har dei opplevd at diettar har sklidd ut, og kiloa har komme raskt tilbake.

No trur både Aslaug, Mona og Tore at dei skal klare å halde seg der dei er i dag, og kanskje gå ned endå nokre kilo. Årsaka er enkel, men også vanskeleg: dei har klart å leggje om livsstilen.

– Eg trur det. Det har på ein måte blitt ei innarbeidd vane. Eg trur det skal gå veldig greitt, seier Mona.

– Heime kjem eg til å følgje eit opplegg saman med legen min, slik at eg i alle fall ikkje går tilbake til det gamle, seier Aslaug.

Aslaug Ravnevand og Tore Eriksen

MATPRAT: Aslaug Ravnevand og Tore Eriksen nyt lunsjen etter ei god treningsøkt.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Eit heilt nytt liv

Tore fortel at han har fått eit heilt nytt liv etter å ha gått ned 25 kilo på ni månader. Dette gjennom å endre livsstilen i form av blant anna meir fysisk aktivitet og sunn mat.

– Eg er i betre form. Kiloa har ikkje så veldig mykje å seie. Eg føler meg betre. Eg har det lettare i kvardagen. Det er nok den største skilnaden. Eg klarar å vere med på fleire aktivitetar saman med barna. Det er hyggjeleg for både meg og dei, seier han.

Det gjennomsnittlege vekttapet ved klinikken på Evje er cirka 12 prosent, eller i snitt 16–17 kilo. Men Dagleg leiar Alf Tore Moen understrekar at det ikkje er viktig kor mange kilo gjestene ved klinikken går ned i løpet av eitt år.

– Ein kan gå gjennom året utan å gå ned noko som helst. Men ein har likevel gjort endringar i livet sitt som er positive, og som gjer at ein føler seg som ein vinnar etterpå, seier han.

– Det aller viktigaste er at folk føler at overvekta deira er meir akseptabel for dei sjølve. Dersom dei føler at dei kan leve med vekta dei har trur eg at mesteparten av helsevinsten er nådd, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %