Hopp til innhold

Raud valvinnar utan raud makt?

Arbeiderpartiet i Kristiansand ligg an til å bli den store valvinnaren i byen og går mot tidenes valresultat. Men så langt vil ingen samarbeide med partiet, som dermed risikerer å stå tilbake utan makt i bystyret i norges 5. største by.

Mette Gundersen

PÅ SIDELINJA: Arbeiderpartiet står i fare for å komme utanfor maktposisjon, sjølv om dei ligg an til å bli det største partiet i byen. - Eg gir ikkje opp før alle stemmer er telt opp, seier ordførarkandidat Mette Gundersen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det blir spesielt å vere størst utan innflytelse dersom KrF vel å samarbeide med Frp. Samstundes skal vi vere konstruktive oposisjonspolitikarar, seier ordførarkandidat i Ap, Mette Gundersen til NRK.no.

På sidelinja

I slutten av august sa KrF ja til Høgre om eit samarbeid. I tillegg har Frp levert ei kravliste til Høgre med ti punkt som dei håpar å få gjennomslag for i forhandlingar. Det betyr at Høgre, Frp og KrF kan ende opp saman.

Dermed står Arbeiderpartiet i praksis på sidelinja. Dersom Høgre, KrF og Frp inngår eit samarbeid vil dei stå med 52,5 prosent ifølgje ei meiningsmåling presentert i Fædrelandsvennen. På sidelinja står Arbeiderpartiet med 28,5 prosent, ifølgje målinga.

– Eg er heilt sikker på at vi vil hamne i ein konstellasjon etter at valresultatet er klart, som gjer at Arbeiderpartiet får ei betydeleg styringskraft i Kristiansand etter valet, seier ho.

– Må ta nokre runder

– Eg ser at veljarane viser oss i målinga at den beste politikken i Kristiansand ligg i sentrum. Då er det mest naturleg at det er Arbeiderpartiet, KrF, Venstre og SV som dannar ein sentrumsallianse. Men då er det nokre parti som må ta nokre runder, seier Gundersen og viser til KrF som altså har signalisert at dei vil samarbeide med Høgre.

Med konstellasjonen Gundersen skisserer vil ein oppnå 50,6 prosent ut ifrå meiningsmålinga til Fædrelandsvennen.

– Eg kjem til å vere optimist til siste stemme er telt opp og forhandlingar gjennomført, seier Gundersen.

Det blir spekulert i om Arbeiderpartiet kan komme til å tilby ordførarplassen til KrF, dersom dei vil samarbeide med Arbeiderpartiet, for å komme i ein maktposisjon.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %