Hopp til innhold

– Ordføraren bør vere humørfylt

Ved årets kommunestyre- og fylkestingsval skal det veljast 430 ordførarar og 19 fylkesordførarar rundt om i landet. Vi har sett på kva kvalitetar ein ordførar bør ha.

Frank Aarebrot
Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Tor Geir Kvinen

SYNLEG: Tor Geir Kvinen meiner at det viktigaste under valet er at ordførarkandidatane er synlege i media.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Ordføraren skal vere ein samlande person. Difor er ordførarembete kanskje det viktigaste embete for heile kommunen, seier høgskulelektor i BI, Tor Geir Kvinen til NRK.no.

– Det er den meste sentrale personen i kommunen, seier han.

Med drøye to veker at til valet byrjar tida å renne ut for ordførarkandidatane i kommunane rundt om i landet. I Kristiansand hadde mange veljarar problem med å seie kva Høgre sin ordførarkandidat Arvid Grundekjøn står for, då vi var ute på gata i dag.

– Å Gud!

– Å Gud, det er jo han ordførarkandidaten til Høgre. Men eg hugsar ikkje kva han heiter, sa Anita Hammerø.

Samstundes var mange på førenamn med Arbeiderpartiet sin kandidat Mette Gundersen i den same byen.

– Eg legg merke til at eg heile tida seie Mette, samstundes som eg seier Grundekjøn om han. Det trur eg har med å gjere at Mette har komme nærare enn Grundekjøn, eller det Arvid har gjort, ler Løvåsen.

– Til no har den eine kandidaten gjort det sterkare enn den andre. Vi hugsar Mette Gundersen betre enn den andre iallefall førebels, seier høgskulelektoren.

Anita Hammerø

USYNLEG: Veljar Anita Hammerø meiner at ordførarkandidatane i Kristiansand burde vere endå meir synleg inn mot valet.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Må vise ansikt

Kvinen meiner at partia rundt om i landet ofte er for lite flinke til å finne dei rette personane når det gjeld å finne ordførarkandiatar.

– Det handlar om å finne ein person som kan stå opp og fram for kommunen, og som er synleg. Du må velje ein person som kan stå fram i media og fronte sine saker, seier han.

Frank Aarebrot

PROFESSOR: Frank Aarebrot meiner det er ein fordel dersom politiske part klarar å stille med den same ordførarkandidaten år etter år.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

– Jo mindre kommunen er, jo meir vel du på person. Det er veldig viktig å vise ansikt. Ein treng nokre gallionsfigurar som viser seg for sitt politiske parti, seier Kvinen.

Professor Frank Aarebrot meiner at ein ordførar bør stå fram på denne måten:

– Han må vere humørfylt og vennleg. Ordføraren skal vere ein seremonimeister for heile folket. Han skal vere «imaget» utad på linje med sognepresten i kommunen, seier Aarebrot til NRK.no.

23 år som ordførar

Aarebrot meiner også at det er ein stor fordel å stille med den same ordførarkandidaten val etter val.

– Det er ganske lett å vere ordførar, bortsett frå dei som gjer ein tydeleg dårleg jobb. Gjer du ein ok eller ein god jobb vil ein oppleve ein betydeleg gjenvalseffekt, seier han.

I Bykle kommune i Aust-Agder har Kay Jeiskelid vore ordførar i heile 23 år. I vår ville han gi seg, men ombestemte seg og tek likevel gjenval. Ordføraren har fått tittelen «Kongen av Setesdal».

– Det er slett ikkje dumt å stille med same ordførarkandidat i 110 år, seier Aarebrot.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Sympatistemmer

Høgskulelektor Tor Geir Kvinen peikar også på ein ordførar bør vere sjølvsikker.

– Det er utruleg viktig korleis du handterer omgivnadene. Det er kanskje noko av det viktigaste for ein politikar. Det er viktig å vere sjølvsikker, men du må vere passe sjølvsikker. Ein del ordførarar har nok ein del å gå på når det gjeld å vise seg i omgivnadene, seier Kvinen.

Meiningsmålingar i etterkant av terroråtaka i Oslo og på Utøya viser stor framgang for Arbeiderpartiet, og det mange meiner er sympatistemmer. Aarebrot meiner at også andre parti kan hauste ekstra stemmer.

– Det partiet som har ordføraren i ein kommune kan få ekstra stemmer. Har du ein ordførar som uttalar seg i ikkje-politiske saker, og seier dei rette orda får du ein sympati-effekt også ute i kommunane, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %