– Vi set pris på auka tilstedeværelse frå politiet. No når aktiviteten har auka på sjøen er vi glade for at politiet er på sjøen og patruljerer, seier styrmann Christian Steimler Knudsen på redningsskøyta Inge Steensland til NRK.no.
– Preventiv effekt
I mai stod politibåten i Mandal i fare for å stå ubemanna gjennom sommaren på grunn av pengemangel i politiet. Det innebar at frivilleg mannskap måtte ivareta sikkerheita på sjøen.
At politibåten vert bemanna vil gjere jobben enklare for Redningsselskapet gjennom sommaren, trur Steensland.
– Det er klart det gjer det. Det har ein preventiv effekt at politiet er tilstades og er synlege i bilete på sjøen, seier han.
I fleire byar
Med politibåten på plass i Mandal, skal politiet ha sjøteneste både i Arendal, Kristiansand, Risør og Mandal i sommar.
– Vi har heile tida sagt at det vil vere båtteneste, i tillegg til tabulert teneste, seier visepolitimeister i Agder politidistrikt, Kjell Heggstad til fvn.no.
Ifølgje avisa er det kun i Arendal og Kristiansand det vert lagt opp til tabulert teneste. Det vil seie faste folk som er sett av til å kun jobbe på politibåten.