Hopp til innhold

Vil ha praksis inn i båtlappen

Tidlegare sjøfartsdirektør Rune Teisrud meiner dagens båtførarprøve er for enkel. Teisrud etterlyser praktisk opplæring som ein del av båtførarbeviset.

Erik og Liv Persen

POSITIVE TIL PRAKSIS: Erik og Liv Persen er einige med tidlegare sjøfartsdirektør Rune Teisrud om å innføre praksis i båtførarprøven. Ekteparet er i full sving med å klargjere båten for sesongen.

Foto: Kari Løberg Skår/NRK

– Det er positivt at ein lærer den teoretiske delen på eit slikt kurs, men det er berre minimum av kva ein må kunne når ein skal styre ein båt. Det er sjølvsagt ynskjeleg å få inn meir praktisk opplæring, seier tidlegare sjøfartsdirektør, Rune Teisrud til NRK.no.

Dagens båtføraropplæring, som vart innført frå 1. mai i fjor, består kun av rein teori. Teisrud får støtte frå Kongelig Norsk Båtforbund om at praktisk opplæring bør vere neste steg.

– Praksis må ein ha uansett. Det er ikkje så strengt på sjøen når det gjeld krav til praksis i og med at det ikkje fins endå. Men det er sikkert at ein bør ha naudsynt kompetanse eller kunnskap, seier generalsekretær i Kongelig Norsk Båtforbund, Reidar Kjelsrud.

– Gir blaffen i reglane

Fleire NRK.no møtte i småbåthavna på Lund i Kristiansand, ynskjer praksis i båtføraropplæringa hjarteleg velkommen.

– Det viktigaste er at ein lærer folk å ta hensyn til kvarandre. Når vi vi køyrer båt, og det kjem ein stor båt ved sidan av, hender det at koppar og kar «rausar» ned frå bordet, seier Erik Persen.

– Mange som køyrer båt har ikkje vokse opp i båt, og køyrer for første gang i stort fart. Vi har ferdast på sjøen i nesten 70 år og ser mykje uvettig køyring. Folk har ikkje kontroll over båten, seier Persen og får støtte frå kona Liv.

– Dei som køyrer fort har eit ekstra ansvar, så slepp ein å vere så redd når ein er i båt. Dei som ikkje har noko erfaring med båt bør iallefall ha praksis, seier ho.

– Har du inntrykk av at folk kan reglane til sjøs?

– Det veit eg ikkje, men eg trur ikkje alle bryr seg, seier ho.

Båthavn i Kristiansand

FØRARKORT: For å ta båtførarsertifikat i dag treng du kun å ta teoriprøve for å kunne køyre båt. No vil fleire også ha praksis inn i opplæringa.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vil vere ein fordel

– Det er jo mange som har vokse opp i båt og har godt erfaring. Andre køyrer båt for første gang utan erfaring i det heile, og kan køyre lovleg ved å ta båtførprøva, seier Erik Persen.

Helge Lindekleiv

VIL HA PRAKSIS: Helge Lindekleiv meiner mange båtførar ville ha hatt godt av praktisk opplæring i tillegg til teorien.

Foto: Kari Løberg Skår/NRK

Også Helge Lindekleiv ynskjer praktisk opplæring velkommen.

– Det vil vere ein stor fordel slik at folk kan lære kva dei skal gjere. Ein ting er å lese. Ein annan ting er å praktisere, seier han.

Sørlendingen har sjølv opplevd uvettig køyring frå store båtar i stor fart.

– Det er mange som kjem med store båtar og held på å vippe alle småbåtane som er. Slik burde ha blitt stoppa, seier han.

1,2 millionar på sjøen

Rundt 1,2 millionar nordmenn har i dag tilgang til sjø og båt. Alle som er fødd etter 1. januar 1980 må ha båtførarsertifikat for å kunne styre ein båt som er over 8 meter, eller har kraftigare motor enn 25 hestekrefter.

– Det kan vere ein idé å alliere seg med meir erfarne båtførarar, dersom ein er heilt fersk. Her kan ein plukke opp tips og råd for å unngå å falle i dei største fallgruvene i starten av båtlivet, seier Kjelsrud.

– Det er uansvarleg å sleppe sine håpefulle ut på sjøen utan at dei har fått opplæring. Send barna på båtførarkurs. Dersom ikkje mor og har har det sjølve, bør også dei gå på kurs, seier Teisrud.

Rune Teisrud

PRAKTISK OPPLÆRING: Tidlegare sjøfartsdirektør Rune Teisrud vil ha meir praktisk opplæring i samband med båtførarbevis.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Fleire dødsulykker

På sikt ynskjer også Teisrud at båtopplæring kjem inn i skulen.

– Får vi det inn i skulen er vi sikre på at heile årskull får teorien på plass, dersom skulen har eit godt opplegg, seier han.

I fjor omkom 33 personar i dødsulykker med fritidsbåtar i Norge. Det er det høgste talet sidan 2006.

– Villmannskøyrarane og dei som køyrer i fylla, vil du ikkje få bort uansett kor mykje opplæring du har, seier Teisrud.

Som sjøfartsdirektør var Rune Teisrud med på å stake ut kursen for fritidsbåtopplæringa i landet. Teisrud støttar styresmaktene, som til slutt avgjorde å setje grensa på 1980 for krav om båtførarbevis.

– Det ville ha blitt altfor mange dersom vi skulle ha sett fram krav om båtførarbevis til alle på ein gang. Det er viktig at vi startar ein stad. Det har vi gjort no. For kvart år, som går vil nye tusen få teoretisk opplæring, seier han.

DØDSULYKKER FRITIDSBÅTER 2000-2010

År

I alt

Menn

Kvinner

Barn 0-16 år

2000

36

35

1

-

2001

20

20

-

-

2002

31

30

1

-

2003

29

25

3

1

2004

51

47

1

3

2005

34

32

2

-

2006

34

30

4

-

2007

24

21

2

1

2008

30

30

-

-

2009

31

28

1

2

2010

33

 

 

 

Ekspander/minimer faktaboks

Fuentes i millionkrasj

Både Teisrud og Kjelsrud er opptekne av at alle bør bruke tid på å lære seg å styre ein båt før dei set seg bak rattet. Det er det definitivt ikkje alle som gjer.

I 2007 kjøpte artisten Alejandro Fuentes ein splitter ny cabincruiser til 2,2 millionar kroner. På jomfruturen kolliderte Fuentes med fleire båtar ved Fiskebrygga i Kristiansand. To av kameratane hans hamna på sjøen og vart sende til sjukehus.

Til politiet forklarte Fuentes at ulykka skjedde som følgje av tekniske problem. Han hevda at gasshendelen hengde seg opp. Tekniske undersøkjingar viste at Fuentes gav gass i staden for å setje båten i revers.

– Han meistra nok ikkje den båten han har vore førar av. Den er litt stor, og han har ikkje hatt kontroll over båten, sa politiførstebetjent, Arild Sørensen.

NRK.no har vore i kontakt med manageren til Alejandro Fuentes, som ikkje hadde tid til å snakke med NRK om episoden.

– Eg skal kjøpe meg ny båt, men ein mindre ein. Og så skal eg ta båtsertifikat så raskt eg får høve, sa hovudpersonen sjølv til NRK.no etter ulykka for fire år sidan.

Rune Teisrud meiner at ein vil unngå denne type ulykker med teoridelen.

– Når du får den teoretiske biten i botnen, vil du få bort ulykker, som skjer som følgje av at folk ikkje kan reglane og slike ting, seier han.

Video 183dc995-f442-4ff6-b31c-0aec2d0f79cb.jpg

VIDEO: Artisten Alejandro Fuentes krasja med sin splitter nye cabincruiser kort tid etter kjøpet i 2007. To personar vart sende til sjukehus. (Arkiv)

Tusenvis framleis utan båtlappen

I båtførarregistereret er det per i dag 214 017 personar registrert. Så langt i år har

Bernt Nilsen, direktør for Norsk Test AS

Bernt Nilsen, Norsk Test

Foto: Ellen Gamnes

5800 personar teke båtførarprøva.

– Det tykkjer eg er eit veldig lågt tal. På same tid i fjor hadde over 10 000 personar teke prøva, seier administrerande direktør i Norsk Test Bernt Nilsen, som står bak båtførarprøva.

Han anslår at rundt 12 000 personar må ta prøva kvart år, for at ein skal halde seg «ájour».

– Folk er sløve, og det er eit resultat av at reaksjonane ved å bli teken utan båtførarbevis ikkje er strenge nok, seier han.

I april kom det fram at rundt 50 000 båtførarar, som er pålagt å ta båtførarprøva, framleis ikkje hadde gjort det. Talet ligg framleis på omtrent same nivå.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

3000,- i bot

Dersom du blir stoppa av politiet utan båtførarbevis i dag får du ei bot på 3000. Under skjerpa omstende kan straffa bli strengare.

politibetjent, Grenland politistasjon Nils Anders Bruun

KONTROLL: Politiet har ikkje fått ekstra ressursar etter at båtførarsertifikat for alle fødde etter 1980. (Arkivfoto)

Foto: Roald Marker / NRK

– Kontrollane er ein del av den generelle kontrollen, som politiet driv på sjøen. Dette tek ein samstundes, som ein kontrollerer andre ting, som til dømes flyteutstyr, seier politimeister Sveinung Stangeland til NRK.no.

Trass i at talet på omkomne har auka dei siste åra, trur både Rune Teisrud og Reidar Kjelsrud at kravet om båtførarbevis vil føre til færre ulykker på sikt.

– Det ligg i innstillinga til folk. Vi er ikkje fødde sjøfolk, sjølv om vi likar å tru det. Eit båtførarbevis vil nok ha ein positiv effekt på sikt. Det er nok litt tidleg å seie om vi kan sjå effekt allereie no, seier Teisrud.

– Over tid er eg sikker på at eit obligatorisk krav om opplæring vil hjelpe. Kunnskapen om korleis ein skal forholde seg til andre vil heilt sikkert redusere talet på ulykker over tid. Slikt er vanskeleg å måle, for det går over veldig lang tid, seier Kjelsud.

– Vis hensyn og bruk redningsvest. Det er ein god start på sommaren, legg han til.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %