Hopp til innhold

Butikkeigar låste tjuv inne i bil

Butikkeigaren tok den litauiske innbrotstjuven på fersken då han var i ferd med å stele bilbatteri. Då politiet ikkje hadde tid til å komme tok butikkeigaren saka i eigne hender.

Video Tyv ble låst inne

Tjuven hadde sloppe unna hadde det ikkje vore for butikkeigaren sjølv.

Knut Arild Sletta

TOK SAKA: Knut Arild Sletta tok sjølv tjuven, då politiet ikkje hadde tid.

Foto: Svein Sundsdal / NRK
Pågrepet tyv

Tyven fikk raskt på seg håndjern

Foto: Svein Sundsdal / NRK
Pågrepet tyv

Slik ser det ut i førarhuset

Foto: Svein Sundsdal / NRK
Pågrepet tyv

Tyvens bil innvendig

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Politiet kom jo ikkje på lenge, så eg fekk putta han inn i varebilen, seier Knut Arild Sletta til NRK.no.

– Han var ganske roleg i starten. Men så køyrde eg nokre bilar inn til dørene slik at han ikkje skulle komme ut. Då prøvde han å stikke av, seier Sletta.

Den litauiske mannen hevdar sjølv at han er uskyldig.

– Eg er ingen tjuv. Eg har vore i Norge fleire gonger dei siste åra og samlar gammal skrot. Eg er iallefall ingen tjuv, seier mannen til NRK.no.

– Beklageleg

Innbrotstjuven sat i bilen frå halv to natt til fredag, til rundt 8.30 fredag morgon.

– Vi tek hand om han om ikkje alt for lenge. Vi er i ferd med å avslutte eit oppdrag. Så får vi ta hand om tjuven som sit bak i sitt eige lasterom i bilen, sa operasjonsleiar Øyvind Vellesen fredag morgon.

– Det er beklageleg at vi ikkje har politi på staden, som kan pågripe tjuvar. Men i dette tilfelle ser det ut til å vere løyst på ein glimrande måte, seier han.

Kåre Gunnar Fløystad i Aust-Agder Senterparti reagerer sterkt på at butikkeigaren måtte ta saka i eigne hender.

Lova i eigne hender

– Det er heilt feil at polititilbodet i utkantane vert bygd ned slik at folk må ta lova i eigne hender. Her har vi eit vaskeekte bevis på at auka sentralisering gir eit dårlegare tilbod, seier Fløystad til NRK.no.

– Eg kjem til å ta dette opp med partileiar Liv Signe Navarsete, seier han.

Klokka 8.30 var politiet på plass for å ta hand om innbrotstjuven.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %