Hopp til innhold

Balljakt i blodbad

50 menn og kvinner skal finne ein golfball i eit badekar fylt med 9000 liter dyreblod og innvollar. Førstepremien i konkurransen er på 100 000 kroner.

Video Balljakt i blodbad

VIDEO: Sjå to menn prøve ut blodbadet for fotografen til Agderposten.

Rune Hagestrand

Rune Hagestrand

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Ein må våge å vere litt kontroversiell, seier Rune Hagestand som er initiativtakar bak Brokelandsheiadagane til Agderposten.

Hagestrand er også ordførar i Gjerstad kommune i Aust-Agder.

Badekaret skal fyllast med storfeblod, lever, lunger, nyrer og hjarter. Under Brokelandsheiadagane skal 50 personar kjempe om å finne ein golfball på ein meter bloddjup! Premien er på heile 100 000 kroner.

Etiske problemstillingar

– Vi brukar storfeblod i konkurransen. Dermed bør det ikkje vere nokon religiøse betenkeligheiter ved å delta. Blodet er til og med frå dyr som er slakta på halalmåten i Froland, seier han.

Hagestrand ser ikkje nokon etiske problemstillingar ved «showet».

– Nei, eg har ingen betenkelegheiter med å gjere dette. Men at nokon vil meine at dette er motbydeleg, er sjølvsagt greit. Dette er imidlertid eit stung litt i pakt med tida, der TV-program som Fear Factor utfordrar fobiane våre, seier han.

– Dessutan vert ingen tvunge til å vere med. Det viktigaste er at det vert eit bra show og ein publikumsattraksjon ingen har sett maken til før, seier ordføraren og initiativtakaren bak Brokelandsheiadagane i Aust-Agderkommunen.

– Senkar respekten for dyr

Siri Martinsen

Siri Martinsen, NOAH

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Dyrevernsorganisasjonen NOAH reagerer sterkt på stuntet i sørlandskommunen.

– Ein senkar respekten for dyr når ein brukar blod og organ til å leike med. Det er vitskapleg bevist gjennom fleire studiar. Arrangøren gjer neppe dette for å auke respekten for dyr, seier pressekontakt Siri Martinsen til avisa.

Men ho påpeikar at det aller verste skjer på slakteria.

Hagestrand reknar med at blodbadet vil trekkje mange tilskodarar til kommunen under Brokelandsheiadagane. Tidlegare har dei arrangert blant anna stilettløp.

– Dette bør bli endå meir spektakulært enn syltelabbar og stilettløp, seier han.

– Eg har ikkje ungar, hytte eller interesse for jakt. Brokelandsheiadagane er hobbyen min, seier Hagestrand.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %