Hopp til innhold

Dette vil du garantert sjå i dag

Utrykningspolitiet vil vere ute med «det som kan krype og gå» i påsketrafikken fredag.

Fartskontroll, Utrykningspolitiet

PÅ VEGANE: UP vil vere synlege over heile landet for å kontrollere at påsketrafikken går forsvarleg føre seg. (Arkivfoto)

Foto: Håvard Wien / NRK

Øystein Krogstad

Øystein Krogstad

Foto: Frans Kjetså / NRK

– Vi ynskjer ikkje å ta folk. Vi ynskjer at folk skal komme seg lovleg og trygt fram til hytta si, seier UP-sjef på Agder, Øystein Krogstad til NRK.no.

Over heile landet vil Utrykningspolitiet markere seg med store styrker. I år infomerer politiet om kvar dei kjem til å stå på førehand, utan at det ser ut til å hjelpe.

– Vi er på radio, i aviser og på Facebook der vi fortel kvar vi står. Erfaringane er likevel at folk rasar inn i stor hastigheit, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

2000 ulykker i fjor

Bilkø

KØ: Det er venta køar mange stader fredag.

Foto: Erik Johansen / Scanpix

Pressesjef i Statens vegvesen, Kjell Bjørn Vinje, fortel om ein dyster ulykkesstatistikk i påskedagane. Dei verste ulykkesdagane er onsdag før skjærtorsdag, første påskedag og laurdag før palmesøndag.

– Det skjer i snitt 150 ulykker der folk vert skadde i påska. For 20 menneske er skadene alvorlege, seier han.

– Det er viktig for oss at folk held fartsgrensa. Viss alle gjer det sparar vi 60 liv i året. Poenget er ikkje å ta folk. Poenget er at folk skal køyre etter fartsgrensa og ikkje drive hasardiøse forbikøyringar. Så går trafikken fint. Då kan vi smile og ynskje folk god påske, seier Krogstad.

Trafikkulykker i påskeferien

 

Eneulykker

Rygging

Påkjørt parkert kjøretøy

Påkjørt bakfra

2008

2538

1420

1338

1360

2009

1751

1485

1222

1002

2010

1657

1414

1201

737

Kan vere glatt

I påska kan køyreforholda variere stort. Oppfordringa frå forsikringsbransjen er dermed klar.

– Nokon har kanskje til og med skifta til sommardekk allereie, og gløymt at det framleis er mykje snø og glatte vegari høgda, seier skadedirektør ved Dnb Nor Skadeforsikring, Anne Stine Eger Mollestad.

– Ei klar trend på vinterføre er at påkøyrlser bakifrå og i kryss står for ein stor del av ulykkene. Møteulykker og utforkøyringar aukar også veldig mykje på utfartsdagane, seier ho.

Trafikkontroll

KØYR FORSIKTIG: Det kan lønne seg å halde fartsgrensa i påska. Utrykningspolitiet er ute med store styrker i heile landet.

Foto: Fjeldstad, Knut / SCANPIX

Vil vere synlege

Det vil vere både uniformerte politibilar og sivilt politi på vegane fredag.

– Du sparar kanskje fem minutt på å køyre litt for fort. Det merkar du ingenting til resten av påska. Ro ned, ta ein kopp kaffi, snakk med ungane og ha det hyggeleg. Så får ein heller komme ti minutt seinare til hytta, seier Krogstad.

– Ver budd på køkøyring og planlegg deretter. Stress og uoppmerksomheit kan fort føre til trafikkuhell, så ta tida til hjelp. Ta hyppige pausar og planlegg for ein hyggeleg køyretur, seier Mollestad i Dnb Nor Skadeforsikring.

HER STÅR UP I HEILE PÅSKA:

FOLLO OG ØSTFOLD:

  • Onsdag 20.4: storkontroll på E18 Svartskog i Oppegård
  • Torsdag 21.4: E6 ved Svinesund og i Halden-området
  • Påskeaften: Rv 156 i Ås- ruskontroll, Vinterbro
  • 1. påskedag: E6 og E18
  • 2. påskedag: E18 Svartskogtoppen i Oppegård


ROMERIKE, HEDMARK, GUDBRANDSDAL OG VESTOPPLAND:

  • Hele påsken: E6 Oslo-Nord-Gudbrandsdal, Rv 2 Kløfta-Sverige, Rv 3 Elverum-Nord-Østerdal, Rv 25 Trysliveien, Rv 4 Nittedal-Gjøvik og E16 Begnadalen-Valdres
  • Torsdag 21.4:Rv 2 og Rv 4 til/fra Sverige
  • 1.påskedag: E6 fra Espa til Gardermoen


ASKER OG BÆRUM, SØNDRE OG NORDRE BUSKERUD:

  • Rv 40 og Rv 7, Numedal og Hallingdal

VESTFOLD OG TELEMARK:

  • E18, E134, Rv 32, Rv 36, Rv 38 og Rv 40.

AGDER OG ROGALAND:

  • Rv 9 Hovden, Rv 41 og 42 fra Arendal til Gautefall og Vrådal i Telemark
  • Rv 402 fra Kristiansand mot Gautefall og Vrådal.
  • Rv 45 mot Sirdal
  • E18 og E39

HAUGALAND OG SUNNHORDLAND, HORDALAND OG SOGN OG FJORDANE:

  • E134 Åkrafjorden mot Seljestad og Røldal
  • E16 fra Bergen til Oppland grense
  • Fv 7 fra Bergen til Hardanger
  • E39 langs kysten
  • Fv 7 Kvamskogen

SUNNMØRE, NORDMØRE OG ROMSDAL:

  • E39/136 Ålesund-Romsdal-Oppland grense
  • Rv 62/70 Hjelset-Sunndalsøra
  • E39 Krifast-Halsa

SØR- OG NORD-TRØNDELAG:

  • E6 Trondheim mot Oppdal
  • E134 Stjørdal mot Sverige
  • E14 svensketrafikk mot Åre

HELGELAND, SALTEN OG MIDTRE HÅLOGALAND:

  • E6 gjennom hele Nordland
  • E12 Mo-Umbukta
  • E10 Narvik-riksgrensen
  • Rv 80 Bodø-Fauske

TROMS, VESTFINNMARK OG ØSTFINNMARK:

  • Vil ha kontroller på de mest trafikkerte strekningene gjennom hele påsken
null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %