Hopp til innhold

Norsk skule risikerer søksmål

Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand har drive journalistutdanning i Kosovo, som ikkje har vore godkjent i landet. No varslar fleire studentar søksmål mot den norske skulen.

Mediehøgskolen Gimlekollen

SØKSMÅL: Mediehøgskolen Gimlekollen risikerer søksmål etter at skulen har drive journalistutdanning i Kosovo som ikkje er godkjent. (Arkivfoto)

Foto: Mediehøgskolen Gimlekollen

Lars Dahle, rektor Mediehøgskolen Gimlekollen

Lars Dahle

Foto: Johanne Tunaal-Larsen/NRK

Med 50 millionar kroner frå Utanriksdepartementet har skulen utdanna over 120 studentar. I over fem år har det vore drive undervisning - trass i at skulen visste at studentane ikkje fekk godkjende vitnemål gjennom utdanningsprosjektet «Kosovo Institute of Journalism and Communication».

– Kven har ansvar for kva?

– Vi har visst heile vegen at den ikkje har vore godkjend, men her er spørsmålet om kven som har ansvar for kva, seier rektor ved Mediehøgskolen Gimlekollen, Lars Dahle til NRK.no.

Det er utdanningsdepartementet i Kosovo som har ansvar for godkjenninga. Difor har Gimlekollen halde fram å leie masterudanninga til rundt 125 journaliststudentar i Pristina.

Rektoren hevdar også at studentane har visst om at godkjenning manglar.

– Det har dei gjort. Det kan nok vere at nokre studentar trudde at det skulle komme i orden raskare. Det er fullt forståeleg at dei no er frustrerte, seier Dahle.

Risikerer søksmål

NRK.no har ikkje lukkast med å komme i kontakt med nokon av studentane. Men ifølgje studentavisa Universitas, varslar fleire av dei søksmål mot skulen.

– Eg har enkelt og greit kasta bort tre år og mykje innsats, og sit att med ingenting. Mastergraden min er totalt ubrukeleg, seier tidlegare student Shqipe Breznica til studentavisa.

– Pengar er ikkje hovudproblemet. Vi har tilbragt minst åtte timar dagleg gjennom to år, som inneber ein fulltidsjobb. Vi har tileigna oss kunnskap, men vi har også blitt lova at våre vitnemål ville vere godkjent over heile verda, seier Xheraldina Rexhepi.

Manglar papir

Lars Dahle hevdar at utdanninga vil bli godkjent av styresmaktene i Kosovo.

– Utdanninga har vore levert til internasjonal og profesjonell kvalitet heile vegen. Vi har på ein måte ikkje fått i havn dokumentasjonen offisielt med papir endå, seier han.

Utdanningsprosjektet vart starta opp i 2005 med støtte frå UD. I fjor haust vart støtta frå UD stoppa. Skulen har slite med drifta etter pengestoppen, og står i dag utan midlar til å drive skulen vidare.

– Vi hadde komme til eit punkt der vi hadde etablert skulen og den var vel i drift. Det var viktig for oss at den fekk ein ny finansieringsmodell og vart ein del av ein annan akademisk institusjon, seier Jens Erik Grøndahl som er seniorrådgjevar i UD til studentavisa.

Granskar pengemisbruk

Ifølgje avisa granskar UD studiet for påstandar om pengemisbruk etter å ha fått ei bekymringsmelding frå ei kjelde i Kosovo. Det skal blant anna ha blitt stilt spørsmålsteikn ved enkelte lønsutbetalingar ved skulen.

– Eg har munnleg gjort greie for alle desse punkta. No jobbar vi med å skaffe dokumentasjon for dei. Det er snakk om småting, og det er UD samde med oss i, seier prosjektleiar for utdanninga, Kåre Melhus.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %