Hopp til innhold

90 misser jobben - vart for dyre

Dei norske arbeidarane ved Vestas Casting i Kristiansand er 30 prosent dyrare enn utanlandsk arbeidskraft. No misser mange av dei jobben!

Arbeidarar ved Vestas Casting (Kristiansand)

USIKKER FRAMTID: Dei tilsette ved bedrifta går ei nervepirrande tid i møte. Leiinga skal no vurdere heile organisasjonen før dei avgjer kven som misser jobben.

Foto: Odd Rømteland/NRK

Kim Kronborg Christiansen

Kim Kronborg Christiansen

Foto: Odd Rømteland/NRK

Rigmor Fardal

Rigmor Fardal

Foto: Odd Rømteland/NRK
– Det er 30 prosent høgare lønskostander i Norge enn andre stader. Det er ei utfordring og vi må dermed tilpasse oss, seier Kim Kronborg Christiansen som er leiar for støperi og maskinfabrikkar i Vestas til NRK.no.

– Eg ser på dette som ei strukturendring. Det er ei endring vi må gjere for å kunne konkurrere i ein stadig sterkare konkurransefylt marknad, legg han til.

Skal gå gjennom

Bedrifta legg dermed ned ei produksjonslinje i Kristiansand. Nøyaktig kor mange som misser jobben er framleis litt uklart.

– No må vi gå gjennom heile organisasjonen for å sjå kor mange som misser jobben. Men har sagt anslagsvis 90, seier farbrikksjef Rigmor Fardal.

– Fryktar du framtida for bedrifta i Norge?

– Vi opererer framleis i Norge med norske forhold med dei betingelsane som er i Norge. Dei produkta vi sit att med her er også framtidsprodukta til Vestas. Dette skal vi klare, seier Fardal.

– Vi kan ikkje gi nokon garanti. Men vi fokuserer på å få til ein best mogleg konkurranseevne her i Kristiansand, seier Kronborg Christiansen.

Uroa for framtida

I framtida skal Vestas Casting Kristiansand produsere komponent til nye V112 vindmøller. Delar til mindre turbinar skal heretter kjøpast inn.

Tilsette NRK.no snakka med tok meldinga tungt.

– Eg tykkjer det er trist at så mange må slutte hos oss. Det er forferdeleg trist for dei det gjeld. Eg trur ikkje det gjeld meg. Det må eventuelt vere alderen som skal felle meg, seier vedlikehaldskoordinator Tom Verdal.

– Det har vore mange rykter den siste tida. Dei tilsette tykkjer sjølvsagt det er trist. På sikt er eg uroa for heile støperiet, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %