Inne i bilen vart det funne 66 liter brennevin, i underkant av 700 liter øl og 8000 sigarettar.
– Vi hadde ein kontroll då det kom ein polskregistrert varebil som såg ut til å vere kraftig lasta. Vi valde å stoppe den. Det viste seg å vere veldig mykje øl i denne bilen, seier Helge Breilid i Tollvesenet til NRK.no.
Den polske mannen er no sett i varetekt i Arendal og er overlete til politiet. Ifølgje Breilid føregjekk pågripinga utan dramatikk. over innhaldet i bilen.
Dette er eitt av fleire store beslag i løpet av få månader på Sørlandet.
Også i dei fleire av dei andre beslaga var det polske menn som stod bak.
- LES OGSÅ: 24 000 sigarettar ramla ut av bilen
- LES OGSÅ: Bil full av smuglervarer