Hopp til innhold

Vil lokke utflyttarar tilbake

Kommunen har som mål å nå 2020 innbyggjarar i år 2020. I fjor gjekk folketalet ned med ti personar. Likevel fryktar ikkje Audnedal kommune at dei skal få problem med å nå målet.

Audnedal

NED: Folketalet i Audnedal gjekk tilbake med 10 personar i fjor. Om ni år er målet å ha 400 fleire innbyggjarar enn no. (Arkivfoto)

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

– Det er naturlege årsaker i forhold til litt lågt barnekull dette året. At vi får ein korreksjon på ti innbyggjarar har ikkje så stor betydning i det lange løp, seier kommunal leiar i Audnedal, Svein Hansen til NRK.no.

– Vi ligg ganske godt an i forhold til målet. Ser vi dei 3-4 siste åra under eitt ligg vi i rute i forhold til målet. Når vi ser at mange tilflyttarar er unge folk, betyr det at barnetalet vil auke dei neste åra, seier han.

1660 i dag

I dag er det 1660 innbyggjarar i kommunen. Audnedal er ein av tre kommunar i Vest-Agder, som mista innbyggjarar i 2010. Også Åseral og Marnardal gjekk tilbake.

– Ser vi på statistikken i befolkninga i dei ulike aldersgruppene har vi forholdsmessig mange barn i forhold til kringliggjande kommunar, seier Hansen.

Han er sikker på at kommunen vil nå målet om 2020 innbyggjarar om ni år.

– Vi har fleire prosjekt på gang for å nå målet om 2020 innbyggjarar. Vi tek kontakt med utflyttarar for å lokke dei tilbake. Vi har mange som har reist ut for å studere eller jobbe i andre kommunar, som vi gjerne vil ha tilbake igjen, seier han.

Lokkemiddel

Og kommunen har fleire lokkemiddel for å få folk til Audnedal.

– Dei under 35 år som byggjer eller kjøper bustad får 100 000 kroner i kontantutskot frå kommunen. Det er noko som har slått positivt ut, seier han.

– Vi har såpass mange kvalitetar i Audnedal at eg er sikker på at vi kjem til å ha ei positiv utvikling dei neste åra. Det er eg rimeleg sikker på, seier han.

Sjekk folketalet i din kommune

FOLKETAL VEST-AGDER

► KOMMUNE

► 2011

► 2010

Kristiansand

82 394

81 295

Mandal

14 960

14 696

Farsund

9 415

9 410

Flekkefjord

9 013

9 003

Vennesla

13 334

13 116

Songdalen

5 999

5 940

Søgne

10 709

10 509

Marnardal

2 227

2 231

Åseral

912

917

Audnedal

1 660

1 670

Lindesnes

4 724

4 661

Lyngdal

7 815

7 739

Hægebostad

1 639

1 624

Kvinesdal

5 816

5 776

Sirdal

1 791

1 790

Totalt i Vest-Agder

172 408

170 377

Ekspander/minimer faktaboks

FOLKETAL I AUST-AGDER

► KOMMUNE

► 2011

► 2010

Risør

6 871

6 894

Grimstad

20 823

20 497

Arendal

42 229

41 655

Gjerstad

2 497

2 478

Vegårshei

1 922

1 886

Tvedestrand

5 969

5 939

Froland

5 127

5 002

Lillesand

9 713

9 465

Birkenes

4 776

4 689

Åmli

1 829

1 861

Iveland

1 305

1 254

Evje og Hornnes

3 475

3 397

Bygland

1 239

1 223

Valle

1 284

1 289

Bykle

989

970

Sum Aust-Agder

110 048

108 499

Ekspander/minimer faktaboks
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %