Hopp til innhold

Uroa for unge og gamle

Distriktsleiar i Huseiernes Landsforbund på Agder, Espen Solum, fryktar at mange unge og eldre vil slite med å betale eigedomsskatten.

Espen Solum

KRITISK: Espen Solum i Huseiernes Landsforbund, er særs kritisk til eigedomsskatten. (Arkivfoto)

Foto: Leif Hallgeir Dalen / NRK

Måndag vart nye takstar på eigedommane i Kristiansand offentleggjort. Dermed får eigarane vite kva dei skal betale i eigedomsskatt i 2011.

– For det første er eg uroa for at Kristiansand er i den situasjon at ein må krevje inn så mykje eigedomsskatt. For vi er i norgestoppen frå før. For det andre er eg uroa for dei yngste og dei eldste i kommunen, seier Solum til NRK.no.

– Det er ei hån

Espen Solum og Nils Olav Berge

Espen Solum, Huseierforbundet, og prosjektleder Nils Olav Berge i Kristiansand kommune.

Foto: Eirik Damsgaard / NRK

– Dei har sagt administrativt og politisk at dei får søkje bustøtte. Det tykkjer eg er ei hån. Eg er veldig betenkt på rettssikkerheita gjennom at ankenemnda kun består av politikarar som ikkje har fella peiling på eigedom i det heile, seier Solum.

Totalt skal Kristiansand kommune ta inn 257 millionar kroner på eigedomsskatt i 2011. Neste år skal dette aukast ytterlegare.

– Ein av tre kommunar har eigedomsskatt. Ingen politikarar har fortalt med kva sektorar som er betre i Kristiansand enn andre stader. Vi er på ein lite flatterande førsteplass, seier Espen Solum.

Oppfordrar til å klage

Han oppfordrar huseigarar til å klage på eigedomsskatten.

– Alle som har ein dårleg magefølelse bør klage. Vi har oppretta eit eige klagenummer og kjem til å oppfordre til å klage. Vi har òg oppfordra politikarane til å trekkje seg frå ankenemnda og få rettssikkerheita på plass. Vi vil ha takstmenn inn i ankenemnda og ikkje avdanka politikarar, seier distriktsleiaren.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %