Hopp til innhold

No får du vite kva du må betale

Kristiansand kommune har lagt ut nye takstar på eigedommar i kommunen. Dermed får eigarane vite kva dei skal betale i eigedomsskatt i 2011.

Boliger Gimlekollen

SKATT: Kristiansand kommune har publisert ny takst på eigedommane i kommunen. Taksten avgjer kor mykje du må betale i eigedomsskatt.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Bystyret har vedteke at skattesatsen skal vere 6 promille av taksten og at inntekta skal vere på 257 millionar kroner i 2011. Førre taksering vart gjort i 1984.

Totalt 36 588 eigedommar er omtaksert. Eigedommane har ein samla verdi på 109 milliardar kroner.

Strandsone

– Jo nærare sentrum du er, desto meir verdfulle er vanlegvis eigedommane. Eigedommar i strandsona er også verdfulle. Desse eigedommane får framlesi ein høg takst, seier leiar av skattetaktsnemnda, Yngvar Aulin.

– Ein del eigedommar fekk ein moderat takst etter omtakseringa i 1984. Det gjeld først og fremst Lung og delar av Grim. Dei som bur her, må rekne med ei auke, seier han.

Har gått gjennom sal

Taktsnemnda har brukt fleire faktorar for å fastsetje taksten. Blant anna storleik på bygning, varierande kvadratmeterprisar for ulike typar bygningar, spesielle forhold på og rundt eigedommen, og ulike soner.

Kommunen har blant anna gått gjennom 3000 sal av både bustader, hytter og næringseigdeommar i heile kommunen dei siste åra. Dette for å finne geografiske prisskilnader og prisnivået på ulike typar eigedommar.

Kommunen har lagt ut takstlister på Servicebutikken i byen og på nettsidene sine. Klagefristen er sett til 28. mars.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %