Hopp til innhold

Vil ha forvaring etter knivstikking

Påtalemakta ber om ni års forvaring for 21-åringen frå Vennesla som er tiltalt for drapsforsøk.

Advokat Sigurd klomsæt, Advokat Svein Kjetil Stallemo, og aktor Beate Rullestad Jansen.

I RETTEN: Sigurd Klomsæt er bistandsadvokaten til 40-åringen. Mannen i midten er Svein Kjetil Stallemo, forsvarer for tiltalte. Aktor Beate Rullestad Jansen til høyre. (Arkivfoto)

Foto: Johanne Tunaal-Larsen / NRK

– Det er hensynet til samfunnet sitt vern mot slike valdsforbrytarar at det er naudsynt med forvaring, fordi vanleg tidsbestemt fengselsstraff ikkje vert sett på som tilstrekkeleg samfunnsvern, sa aktor Beate Rullestad-Jansen, ifølgje fvn.no.

Prøvde å drepe 40-åring

21-åringen er tiltalt for å ha forsøkt å drepe ein 40 år gammal mann frå Lillesand med fleire knivstikk.

Episoden fann stad i Lillesand i mai i fjor. 40-åringen vart stukke i nakke- og skulderregionen. Den tiltalte mannen er dømd for vald fire gonger tidlegare.

– Tidlegare fengselsstraff har ikkje verka, og valden har berre eskalert og no endt opp med eit drapsforsøk, sa Rullestad-Jansen.

– Farleg mann

– Han er vil vere ein farleg person, og difor er det naudsynt med forvaring, sa ho ifølgje avisa.

Den tiltalte mannen har tidlegare nekta å forklare seg fordi han frykta represalier.

Den skada 40-åringen namnga 21-åringen til politiet same natt som knivstikkinga. I retten har han sagt at han ikkje hugsar kven som knivstakk han. Mannen skulda på at han var særs rusa.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %