NRK.no fekk fleire telefonar om eit mogleg sprengingsuhell ved Udestad. Tipsarane fortalde at folk venta opp mot ein time for å kunne komme seg vidare.
– Sprenginga var planlagt. Vegvesenet var med og alt har gått etter planen, seier dagleg leiar i Lindland Maskin, Sigve Lindland til NRK.no.
Sprengingsarbeidet vert utført i samband med utbetring av vegen.
– Vi vil gjere 1-2 store sprengingar kvar veke fram til midten av februar. Så folk må nok bu seg på å vente i periodar, men det var ikkje noko sprengingsuhell, seier han.
Han fortel at det er laga omkøyringsveg som vert nytta etter at sprenging er utført.
Har du tips til saker i ditt lokalmiljø? Tips oss på sorlandet@nrk.no