Hopp til innhold

– Ikkje noko problem å køyre

Lastebilsjåfør Frans Kindt vart stoppa med sommardekk på kaia i Kristiansand. Politiet nektar han å køyre vidare.

Vogntog-kaos på kaia i Kristiansand

KAOS: 17 vogntog som kom i land med danskebåten i Kristiansand vart nekta å køyre vidare på grunn av at dei er dårleg skodde. På bilete ser du trailersjåførane Frans Kindt og Johan De Jong.

Foto: Johanne Tunaal-Larsen/NRK

– Det er ikkje noko problem å køyre vidare, seier Kindt til NRK.no.

Nederlendaren har sommardekk på hengaren som er full av druer. Dermed vart han stoppa då han køyrde av danskebåten i Kristiansand.

Stoppa fleire vogntog

Vogntog stoppa i Kristiansand

STOPPA: 17 vogntog vart stoppa på kaia i Kristiansand torsdag morgon fordi dei var for dårleg skodde.

Foto: Johanne Tunaal-Larsen/NRK

– Politiet sjekka kva dekk eg hadde. Dei stoppa flesteparten. Eg hadde ikkje vinterdekk på vogntoget, seier han.

Både han og kollegene ventar no på at vêret skal betre seg for at dei skal kunne køyre vidare. Fleire sjåførar er bøtelagde eller har mista sertifikatet. 17 vogntog fekk køyreforbod då dei kom med danskeferja.

– No får vi sjå kva sjefen min seier. Eg trur eg kan halde fram med kjetting på sommardekka, seier han.

Likevel vedgår han at forholda var verre enn han hadde trudd før han kom til Norge.

– Livsfarleg

– Eg hadde ikkje venta så mykje snø. Eg såg ikkje vêrmeldinga før eg kom til Norge. Vanlegvis er det litt snø, men ikkje så mykje, seier han.

Vogntog stoppa i Kristiansand

KJETTING: Ein trailersjåfør er i ferd med å leggje på kjetting, men visste ikkje korleis det skulle gjerast.

Foto: Johanne Tunaal-Larsen/NRK

NRK.no snakka også med danske Henning. Han er glad for at politiet stoppar dårleg skodde vogntog på kaia.

– Eg tykkjer det er heilt fint. Er ein ikkje godt nok skodd er det livsfarleg, seier han.

– Eg har vanlege piggdekk og kjem meg fram der eg skal. Eg treng nok kjetting på enkelte strekningar, seier han.

Protest mot utanlandske vogntog

Vogntog som vert ståande på norske vintervegar er ikkje noko nytt. Kvar einaste år må politi og bergingsbilar ut for å hjelpe utanlandske køyrety på sommardekk.

Sonni-Merete hauge frå Kabelvåg i Lofoten har starta ei gruppe på Facebook i protest mot dei mange utanlandske vogntoga som er dårleg skodde.

– Eg starta gruppa fordi eg er mor og redd for å få eit av desse vogntoga i fronten på bilen min. Dessutan er eg lei av at vegen er sperra på grunn av bilberging, har to tidlegare sagt til NRK.no.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %