Hopp til innhold

Bleiekrigen er over

No kan småbarnsforeldre sjå langt etter billege bleier i butikkane. Rema 1000 og Kiwi stoppa bleiekrigen måndag.

Video 1700d0e0-3f1a-4df4-b539-26369521a3fe.jpg

VIDEO: Bleiekrigen over over for denne gang. Måndag avblåste Rema 1000 og Kiwi bleiekrigen.

No går prisane tilbake til normalen. Krigen har fått småbarnsforeldre til å gå av skaftet og fylle strasjonsvogner med dusinvis av bleiepakkar dei siste dagane før bleiekrigen vart avblåst.

– Eg har ei heil kjellarbod full. Så no kan vi eigentleg starte vårt eige utsal. Det er vanskeleg å seie, men det eit bra laget, eit par tusen kanskje, seier småbarnspappa Brede Johnsen til NRK.no.

Maks fire pakkar

For å sikre seg flest mogleg bleier har familiar sendt ut fleire familiemedlemmer då det var maks fire pakkar per kunde.

– Vi delte opp i omgangar. Fleire familiemedlemmer vart sendt ut, seier han.

Robin Olsen ved Kiwi i Kristiansand stadfestar at priskrigen har vore populær.

– Vi hang opp varselskilt om at det etter nyttår er tilbake til gammal ordning. Siste dagen var det heilt vilt, seier han.

Over 350 millionar bleier vart selt i Norge i fjor. Berre på Sørlandet vert det bytt rundt 2000 bleier i timen.

11,70 per pakke

– Det er lenge sidan bleiene har vore så billege som dei har vore til no. For ti år tilbake låg prisane på omtrent 75 kroner per pakke. På det billegaste no har det vore nede i 11,70. Så det har vore ekstreme prisar, seier marknadssjef i Libro, Trond Sandstrøm.

Han er usikker på når ein kan vente seg liknande prisar i framtida.

– Det veit vi ingenting om. Men det er nok ei stund til ein kan oppleve liknande prisar vil eg tru, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %