Hopp til innhold

6 av 9 bankran på Sørlandet

Dei fleste bankrana i Noreg i år har skjedd på Sørlandet, viser tal frå Finansnæringens Fellesorganisasjon.

Ran på Sørlandet

RAN: Politiet på Sørlandet har så langt ikkje klart å oppklare 4 av 6 seks ran.

Foto: Montasje: Sander Heggheim/NRK

– Det er urovekkjande at vi har hatt ni bankran i år. Kvifor dei fleste har skjedd på Sørlandet er vanskeleg å seie, seier Ann Håkonsen i organisasjonen til NRK.no.

Av dei seks bankrana på Sørlandet er det fire som ikkje er oppklara. Dei fire siste rana i landsdelen har skjedd i distrikta.

Politiet manglar ressursar

– Det er påfallande og peikar sjølvsagt mot at vi treng meir bemanning i distrikta. Det som skjer no er at vi vert fråtekne ressursar, seier lensmann i Birkenes, Ole Gustav Henriksen.

Politimeisteren i Agder har lagt fram si innstilling som viser at fleire politistasjonar i distrikta kan bli nedlagde. Økonomi og betre utnytting av politiressursane er bakgrunnen for det.

Færre ran

– Det er ein tanke som har streifa oss også, om det har nokon samanheng med omtalen rundt politidistrikta. Men det vert spekulasjonar, seier politibetjent Einar Deisz i Farsund.

Dei siste åra har talet på bankran gått dramatisk ned. I 1999 vart det registrert 32 ran, medan det altså er registrert 9 ran så langt i år.

Video Bankran i Farsund

RANSVIDEO: Det siste ranet så langt, i Farsund, er framleis ikkje oppklara. NRK.no har no fått tilgang til ransvideoen. Sjå korleis ranaren trugar til seg pengar på videoen.

– Bankane er godt sikra

Også tidlegare år, som i 2005, peika Agder seg ut på bankranstatistikken. Då skjedde 5 av 8 ran på Sørlandet.

– Bankane er generelt godt sikra. Så å sikre endå meir vil gå utover tilgjengelegheita. Det er å passe på sikkerheitstiltaka ein allereie har og sjå at dei fungerer som dei skal og det å ha jamnlege øvingar, seier Håkonsen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %