– Totalt sett er det vanskeleg å halde konsentrasjonen gjennom kampen når vi er såpass mykje betre enn motstandaren. Eg tykkjer vi klarar det på ein akseptabel måte, seier trenar Leif Gautestad til NRK.no.
- LES OGSÅ: ØIF vann første kamp
Dårleg motstand
Fredag vann ØIF Arendal 40-29 over tyrkarane. I returkampen laurdag vart det 39-25 til ØIF, men det var eit svakt lag som kom på besøk i Nedeneshallen til dobbeltkamp.
– Det var litt slik som eg trudde det kunne vere. Dei spelar utradisjonelt i forhold til oss og det er kanskje noko av det verste. Innimellom ser vi ting som er bra ho motstandaren, men dei vert for individuelle, seier Gautestad.
Det var aldri spenning rundt kva lag som skulle gå vidare. ØIF Arendal var langt betre enn det tyrkiske laget og skal spele åttendelsfinale i Challenge Cup.
– Spesiell cup
– Det blir spennande. Det er ein spesiell cup der ein kan møte alt mogleg. I dag møtte vi ikkje noko godt lag. Kjem vi langt i turneringa vil vi nok fort møte gode lag, seier Terje Østerhus.
– Det er ikkje så mange seriekampar så det er fint å kunne ha litt å spele for. Viss vi ikkje lukkast i serien, så har vi dette. Men det beste er jo å gjere det godt begge stader, seier Østerhus.
Ser fram til trekninga
I åttendelsfinalen kan ØIF Arendal møte lag som AEK Aten frå Hellas, Braga og Sporting frå Portugal.
– No er vi forbi det første hinderet. Vi gler oss til neste trekning. Vi får ta den motstandaren vi får, seier Gautestad.
Eliteseriekollega Stord er også med i Challenge Cup.