– Årsaka er at vi ikkje står føre noko gjennombrot i saka. Vi treng meir informasjon, seier politiførstebetjent Øyvind Lindland til NRK.no.
- LES OGSÅ: Bank utsett for væpna ran
To ranarar stakk av på ein gul motorsykkel etter ranet av banken.
Vil ha opplysningar
– Vi ynskjer at folk som har opplysningar om ein heilt konkret motorsykkel, Kawasaki ZX7R 1996-2003-modell. Under ranet var denne gul, men vi trur at den originale fargen er grøn, seier han.
- LES OGSÅ: Mange tips om MC-flukt
– Vi tykkjer det er viktig at personar som sit på opplysningar rundt ranet, om motorsykkelen eller mistenkelege personar før og etter ranet, ikkje tek for gitt at politiet allereie veit det som dei veit. Då kan vi miste viktig informasjon, seier Lindland.
Ingen mistenkte
Han fortel at politiet har gode bilete av motorsykkelen og har vore i kontakt med ekspertar som har gjort klart kva modell dette dreiar seg om.
- LES OGSÅ: På bar bakke etter bankran
Han fortel også at politiet ikkje har nokon mistenkte i saka.
– Nei, vi har ingen konkrete gjerningspersonar i kikkerten, seier Lindland.