Hopp til innhold

Kleiven må springe naken over bru

Start-spelaren tapte veddemål mot bestekameraten. No må Christer Kleiven springe splitter naken over Varoddbroa i Kristiansand.

Christer Kleiven

NAKEN: Christen Kleiven må springe naken over Varoddbroa i Kristiansand etter at han tapte eit veddemål. (Arkivfoto)

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Før sesongen vedda Kleiven på at han kom til å score 10 mål i serie og cup. Kleiven enda på 9 mål og får ikkje moglegheit til å putte sitt tiande i siste serierunde på grunn av ein skade.

Strekkskada

– Eg skulle gjerne ha spelt på søndag, men eg har spelt 25 kampar og scora sju mål i serien og to mål i cupen. Det er over all forventning så eg er nøgd med sesongen uansett, seier Kleiven til fvn.no.

Midtbanespelaren pådrog seg ein strekk i sist kamp borte mot Odd Grenland. Dermed må Start-talentet springe naken over den 618 meter lange brua i Kristiansand.

– Eg er klar til å springe, men har fått beskjed om å vente til eg er kvitt strekken. Det er berre å gratulere kamerat Øyvind Skjeggedal som eg vedda med, seier Kleiven til avisa.

– Håpar ikkje alt stivnar

Christer Kleiven skal springe mot trafikken. Dato er endå ikkje sett.

– Det er uaktuelt at nokon skal slakke ned og køyre ved sida av meg medan eg spring, seier han.

– Eg er vand med å springe over brua, men når eg skal springe naken stivnar eg sikkert. Eller eg får håpe at ikkje alt stivnar, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %