Hopp til innhold

Bank utsett for væpna ran

Birkenes Sparebank er utsett for eit ran måndag føremiddag. Væpna politistyrker leitar etter to ranarar.

Video Bankran i Birkenes

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE: Tirsdag morgon opplyser politiet i Birkenes at ranspersonane fortsatt ikkje er pågrepne. Politiet ber om tips i saka.

Stakk av på motorsykkel

– Vi kan stadfeste at banken har vore utsett for eit ran, opplyser politiet.– Det var to personar. Den eine venta på utsida på ein motorsykkel medan den andre gjekk inn og truga betjeninga med eit handvåpen, truleg ein pistol, seier banksjef Harald Flaa til NRK.no.

Politiet fekk melding om ranet klokka 12.06.

Politiet i Birkenes opplyser til NRK.no at dei er i ferd med å samle troppane.

– Dei fekk med seg eit mindre pengebeløp. Ingen vart fysisk skadde, men det var ei traumatisk oppleving for dei som var involvert. Det er fokus no, seier han.

Ifølgje Agderposten jaktar væpna politistyrker på dei to ranarane. Mannskap frå både Kristiansand, Grimstad, Evje, Lillesand og Arendal er kalla ut.

Ifølgje politiet i Birkenes køyrde dei to ein uregistrert motorsykkel.

Ransmenn stakk av på motorsykkel

Ranspersonane stakk av på motorsykkel.

Foto: Overvåkningskamera

– Mørkt kledd

– Vedkommande som stod for sjølve ranet var mørkt kledd og hadde ein mørk hjelm på seg, og er rundt 1,80 høg, seier lensmann i Birkenes, Ole Gustav Henriksen til NRK.no.

– Utanfor banken stod det ein gul motorsykkel utan kjenneteikn. Han hadde ein knall gul hjelm og ei grå jakke med ei stripe på. Han hadde også blå bukser, seier han.

– Vi har sperrepostar ute. I tillegg er fleire patruljer ute og leitar etter motorsykkelen. Ranarane er truleg mellom 25 og 30 år ein stad, seier han.

Ranet føyer seg inn i ei lang rekkje ran på Sørlandet dei siste månadene. For to veker sidan vart ein kiosk rana i Vennesla. I tillegg har det vore ei rekkje ran på bussar i kristiansandregionen.

Ran Birkenes Sparebank

RANA: Birkenes Sparebank ble utsett for eit bankran.

Foto: Ajee Loli

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %