Hopp til innhold

Kinesarar avlyste kristiansandsbesøk

Ein delegasjon frå Kina har avlyst eit møte med Kristiansand kommune. Ordføraren i Kristiansand, Per Sigurd Sørensen, trur avlysinga skjer på grunn av tildelinga av Nobels fredspris.

Per Sigurd Sørensen foran torvet i Kristiansand

AVLYST: Ein kinesisk delegasjon kjem likevel ikkje til Kristiansand som planlagt. Ordførar Per Sigurd Sørensen (bilete) trur tildelinga av Nobels fredspris er årsaka. (Arkivfoto)

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Det føyer seg vel inn i rekkja av reaksjonar på denne fredsprisutdelinga. Vi får ta det som ein del av det. Vi er slik sett i godt selskap, det er mange ting som har blitt avlyst, seier Sørensen til NRK.no.

Venskapsavtale

Delegasjonen kjem frå kommen Yangzhou i Kina. Kristiansand har tidlegare besøkt kommunen og målet er å inngå ei venskapsbyavtale med kinesarane.

– Dei skulle komme til Noreg og Kristiansand på tysdag. Vi hadde planlagt møter og invitert dei med på middag på kvelden og fekk no beskjed om at dei hadde blitt bede om å returnere til Kina umiddelbart, utan å legge vegen om Noreg, seier ordføraren.

– Veit du kven som ba dei om å droppe Noreg?

– Nei, det har vi ikkje fått informasjon om, men det er vel truleg leiinga deira i Kina, som meiner at ein tur til Noreg akkurat no ikkje er å prioritere, seier Sørensen.

Meiner utdelinga er ein skam

Kinesiske styresmakter har protestert mot prisutdelinga til Liu Xiaobo. Kinesiske styresmakter meiner den fengsla demokratiforkjemperen er kriminell og at utdelinga er ein skam.

Men sjølv om kristiansandbesøket vart avlyst, trur ikkje Sørensen løpet er køyrt med tanke på å bli vennskapsby med kinesarane.

– Eg trur dette er ei politisk markering, som skjer nokså umiddelbart. Så vil ting normalisere seg om ikkje lenge. Eg trur dette berre er for å gi uttrykk for reaksjonen sin på dette. Så blir ting normalt om ikkje så lenge, seier ordføraren.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %