Hopp til innhold

Elgen ingen vil skyte

Mange elgar lever utrygt i desse dagar. Men elgen «Lars» i Vegårshei er freda av dei lokale elgjegerane. Årsaka: fordi den er så stor og flott.

Video ELGEN-LARS-111010-SL-104646-SI_SL.mp4

– Eg såg først ku og kalv, så tok eg fram kameraet, for eg tenkte eg skulle filme dei. Så kom denne store stuten fram. Så vart eg temmeleg skjelven på kameraet. Det var ei heftig oppleving, seier elgjeger John Aage Knuten til NRK.no.

Elgen «Lars» har blitt ein lokal kjendis i delar av Aust-Agder. Den held vanlegvis til i songedistriktet, litt søraust for Vegårshei.

Har fulgt «Lars» i fleire år

Torvild Songe

HAR FULGT ELGEN: Torvild Songe er glad for at jaktlaga ikkje vil skyte «Lars».

Foto: Kai Stokkeland/NRK

– Den er veldig stadbunden ti månader i året. Den held seg stort sett i ei lita hei, seier Torvild Songe.

Han har saman med bror sin fulgt elgen i mange år.

– Det er vel fem år sidan no i år, den gjekk ved sidan av bror min og bikkja hans. Den var heilt roleg, fortel han.

Det er damejakta som trekkjer «Lars» til Vegårshei kvar haust. Men jegerane i området er samstemte på ein ting:

– Lars har er vi blitt einige om å spare. Alle jaktlaga i området har ei felles avtale om at vi skal la han gå, så det er greit, seier Nottolv Vangstad.

Elgen Lars

SKOGENS KONGE: Elgen «Lars» er blitt lokalkjendis i Vegårshei.

Foto: John Aage Knuten

Familiemedlem

– Eg tykkjer det er veldig fint at dei ikkje skyt han. Det blir feil å seie at han er eit familiemedlem, men eg føler at eg blitt noko kjend med han, seier Torvild Songe.

Men ein gang må elgen skytast, og spørsmålet er om den vert skoten av lokale jegrar neste år, eller om den skal få pynte opp naturen ei stund til.

– Det er litt av spenninga når vi har eitt stort dyr på kvota. Det er det draumen å få ein slik stor stut. Sjansen for å få ein så stor stut er liten. Viss du då ikkje kan skyte han og heller må ta ein mindre vil det vere å drepe jaktinteressa, seier jeger Magne Ingold Madsen.

– Det som hadde vore fint var om vi kunne sjå at den synleg var på retur, før ein går inn for å skyte han, seier Torvil Songe.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %