Hopp til innhold

– Har ikkje sett maken til flaum

Karstein Kjørkleiv kan ikkje hugse å ha sett så mykje vatn nokonsinne. På Reisvold i Farsund der han bur har det komme rundt 80 millimeter regn det siste døgnet.

Flaum Reisvold i Farsund

FLAUM: Slik ser det ut rundt huset til Karstein Kjørkleiv i Farsund.

Foto: Karstein Kjørkleiv

– Eg snakka med nabodama på 74 år. Ho sa ho ikkje kunne hugse at det har vore så mykje regn nokon gang, seier Kjørkleiv til NRK.no.

Kjørkleiv fortel at vegane til huset stort sett har vore fylte med vatn frå tidleg morgon og fram til i kveld, ifølgje fvn.no.

Stengde vegar

– Vi har to vegar opp her, og begge har vore meir eller mindre stengde i heile dag. Så vi har ikkje kunne komme oss rundt med bilar. Heldigvis har vi ein god gammal veg som det går såvidt å køyre på. Hadde det regna litt til trur eg vi hadde vore heilt innelåst, seier han.

Førebels har han ikkje registrert skader som følgje av vassmassane.

– Det har iallefall ikkje komme vatn inn i huset, seier han.

Møtte tømme vassmålaren

– Dersom dette held fram i natt vert det vanskeleg å komme seg på jobb i morgon tidleg. Men no har det heldigvis slutta å regne, seier han.

– Eg snakka med ei tante som bur nedanfor her. Ho har ein vassmålar på verandaen som ho har måtte tømme to gonger i dag. Den går opp til 40 millimeter, så det har komme 80 millimeter på kort tid, seier han.

– Heldigvis har det roa seg no. Så eg håpar det er betre i morgon, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %