Hopp til innhold

Gautestad trur på siger i toppkamp

For to år sidan ville det ha vore ein kamp mellom David og Goliat. Men i år er det ein kamp som skal avgjere kven som skal trone på toppen av eliteserien av Drammen og ØIF Arendal.

Leif Gautestad, ØIF Arendal

OPTIMIST: ØIF Arendal-trenar Leif Gautestad trur at laget kan slå Drammen i onsdagens eliteseriekamp i Nedeneshallen.

Foto: Kim Nystøl/NRK

Svenn Erik Medhus

PROFIL: Toppkeeperen Svenn Erik Medhus skreiv under for ØIF Arendal før årets sesong.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Eg er stolt av at vi er i ein posisjon der vi utfordrar dei beste i Noreg, seier ØIF Arendal-trenar Leif Gautestad.

Arendalittane har fått ein fantastisk start på sesongen, og er ubesigra på dei tre første kampane. Laget har slått Follo og Stord, og spelt uavgjort borte mot Viking Stavanger. Drammen står med seks poeng og full pott så langt.

Har gått raskt

ØIF Arendal rykte opp til eliteserien i 2008. Allereie i debutsesongen i fjor slo laget godt ifrå seg då dei vart nummer fire i både serie og sluttspel.

– Eg er ikkje overraska over at vi har gjort det så bra. Eg visste det var mogleg, og har vore med på å gjere dette nokre gonger tidlegare. Men eg var veldig oppteken av at vi måtte få med oss dei rette menneska for å nå det målet, seier Gautestad.

Og det har klubben lukkast med.

– Eg tykkjer vi har fått rette folk på rett plass. I tillegg er spelarane våre talentfulle, disiplinerte og flinkte til å trene. Vi har skapt ein kultur, vår eigen spelestil, vår eigen identitet. Så har resultata etterkvart trilla vår veg, seier Gautestad.

To år for tidleg

Men trenaren vedgår at mykje har skjedd raskt i arendalsklubben. Etter ein fantastisk debutsesong i eliteserien er det eit visst press på klubben føre årets sesong.

– Eigentleg er det to år for tidleg å vere her vi er i dag. Vi burde ha fått tid til å vekse litt seinare. Eg tykkjer alltid det er slik at jo betre vi kan bli på kort tid som mogleg, jo betre er det. Slik sett er det artig, seier han.

– Men folk kan bli godt vande. Vi får håpe at dei vil støtte oss også når vi får litt motgang. For motgang vil komme, seier Gautestad.

Andre Jørgensen, ØIF Arendal

VIKTIG: Leif Gautestad sikra seg Andrè Jørgensen førre sesong. Han er ei viktig brikke i årets ØIF Arendal-lag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Ny publikumsrekord?

Interessa er stor rundt eliteserielaget. I årets første seriekamp var nesten 1000 tilskodarar innom. Kapasiteten er på 1200, men då er hallen smekkfull. I kveldens kamp mot Drammen håpar Gautestad på å setje ny publikumsrekord. Det betyr over 1000 ivrige arendalittar på tribuna.

– Det hadde vore artig med over 1000 menneske i Nedeneshallen for første gang. Dersom vi kunne klare å vinne kampen 31-30 hadde trenaren vore meget glad. Då vil vi gå ein fin torsdag i møte, smiler suksesstrenaren.

Terminliste ØIF Arendal 2010/2011

Dato

Heimelag

Bortelag

Tid

12-Sep

Follo

ØIF Arendal

20-28

19-Sep

ØIF Arendal

Stord

36-17

26-Sep

Viking Stavanger HK

ØIF Arendal

30-30

2-Okt

ØIF Arendal

Drammen

21-23

10-Okt

Oppsal

ØIF Arendal

19-26

17-Okt

ØIF Arendal

Vålerenga

18:00

24-Okt

Elverum

ØIF Arendal

18:00

7-Nov

ØIF Arendal

Fyllingen

18:00

20-Nov

BSK/NIF

ØIF Arendal

16:00

28-Nov

ØIF Arendal

Haslum HK

18:00

4-Des

Runar

ØIF Arendal

17:00

11-Des

ØIF Arendal

Follo

18:00

6-Feb

Stord

ØIF Arendal

18:00

13-Feb

ØIF Arendal

Viking Stavanger HK

18:00

20-Feb

Drammen

ØIF Arendal

18:00

27-Feb

ØIF Arendal

Oppsal

18:00

5-Mar

Vålerenga

ØIF Arendal

17:00

16-Mar

ØIF Arendal

Elverum

18:00

20-Mar

Fyllingen

ØIF Arendal

18:00

27-Mar

ØIF Arendal

BSK/NIF

18:00

3-Apr

Haslum HK

ØIF Arendal

18:00

6-Apr

ØIF Arendal

Runar

18:00

Ekspander/minimer faktaboks

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %