Hopp til innhold

Ventar rettssaker i sjøbod-strid

Både Kristiansand kommune og fylkesmannen kan få mange saker i samband med sjøbodproblematikken på Flekkerøy.

Flekkerøy

KAN ENDE I RETTEN: Assisterande fylkesmann i Vest-Agder, Tom Egerhei, trur både kommune og fylkeskommune vil få mykje å gjere i samband med sjøbodproblematikken.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Direktoraretet for naturforvaltning gav tysdag råd til miljøvernministeren om at sjøboder ikkje skal gjerast om til hytter.

Betydeleg meirarbeid

Assisterande fylkesmann i Vest-Agder, Tom Egerhei, trur fleire saker kan ende i retten.

– Det ser eg ikkje vekk ifrå. Det eg er sikker på, dersom det endar opp med at miljøverndepartementet også vedtek det same alternativet, vil det opplagt innebere ei betydeleg meirbelasting i form av saker som må behandlast hos fylkesmannen, seier han til NRK.no.

Direktoratet for naturforvaltning fraråda i dag bruksendring i strandsona og meiner at sjøbodene må tilbakeførast til lagerbygg.

Det inneber at 400 sjøboder på Flekkerøy i Kristiansand kan måtte tilbakeførast til tradisjonelle redskapsboder.

Uønska utvikling i strandsona

Kommunen i Kristiansand har opna for at ein skulle endre 400 sjøboder på Flekkerøy frå lager til fritidsbustader. Det er direktoratet for naturforvaltning kritiske til.

– Vi frårår ei slik løysing, fordi den vil kunne forsterke en uønska utviklinga i strandsona, sa seniorrådgiver Odd Kjærem i DN tidlegare tysdag.

– Både kommunen og fylkesmannen vil nok få eit meirarbeid knytt til gjennomføring av det alternativet. Men som eg har sagt tidlegare, trur eg ikkje det er nokon veg utanom, seier Egerhei.

Vil vere retningsgjevande

Han trur også at mange andre kommunar både på Sørlandet og resten av landet er spent på utfallet av saka.

– Det er heilt opplagt at behandlinga av saka har interesse langt utom Kristiansand kommune og Flekkerøy, i den forstand at avgjerda her vil vere retningsgjevande for behandling i tilsvarande saker i resten av landet, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %