Hopp til innhold

Politikarar på felgen over elgen

Lokalpolitikar i Gjerstad er særs kritisk til at det er lagt opp til formannskapsmøte midt i elgjakta.

Elg i Mosvik

SKOGENS KONGE: Lokalpolitikar, Ånon Ausland, går glipp av ein jaktdag på grunn av eit formannskapsmøte.

Foto: Karl O. Damås

Ei innkalling til eit møte i formannskapet i Gjerstad skapte reaksjonar frå ein ivrig elgjeger i formannskapet. Møtet som opprinnleg var sett til 5. oktober vart flytta til 7. oktober klokka 11 på føremiddagen - midt i elgjakta.

Seks minutt etter at innkallinga var sendt ut kom den første tilbakemeldinga.

«Snakk om å øydeleggje ein heilt jaktdag. Går det ikkje an å leggje det til måndag eller tidleg på morgonen i staden», skreiv Venstre-politikar Ånon Ausland i svar.

– Jakta er hellig

Ausland sit i kommunestyret og formannskapet i Aust-Agder-kommunen. At formannskapsmøtet kom midt i elgjakta likte Ausland dårleg.

– Jakta er hellig for oss her i Gjerstad og vi har det ikkje så himla stridt politisk her at vi ikkje kunne ha teke møtet ei anna veke enn akkurat denne, seier Ausland til NRK.no.

– Når eg las innkallinga såg eg føre meg at eg sat oppunder ein ås, stuten kjem mot meg og eg sit klar til å skyte. I staden må eg la den gå til andre jegrar. Det er ikkje noko særleg, seier han.

Han fortel at elgjakta er eitt av dei store høgdepunkta i løpet av året i den vesle bygda. Han hadde sjølv teke ut fridagar frå jobb. Dermed var det ekstra ergeleg at den eine dagen no må gå til politisk møte.

Ser fram til elgjakta

– Vi er tre fire i formannskapet som har elgjakt som ein årleg hobby, og då er det den veka i året vi ser fram til. I Gjerstad seier vi ikkje datoar, her er det berre så og så mange dagar før og etter jakt. Det er temmeleg viktig her oppe i skauen hos oss, seier han.

Det kom også inn fleire reaksjonar på innkallinga. Birger Westlund svara følgjande på innkallinga:

«Det må då vere betre at møta vert lagt til jakttid enn til arbeidstid, slik at ein slepp å øydeleggje for arbeidsplassen. He he», står det i e-posten.

Fritak frå møtet?

Ånon Ausland er klar på at han normalt vil prioritere politiske møter i kommunen.

– Politiske møter er sjølvsagt viktig, men det er ikkje alltid vi har saker nok til å fullføre møtene ein gang, seier han.

– Kjem du til å søkje om fri frå formannskapsmøtet, for å delta i elgjakta denne dagen?

– Eg fekk faktisk ein e-post frå jaktleiaren. Han sa at formannskapsmøte ikkje er grunn nok til å sleppe jakt. Så spørsmålet er om eg må søkje meg fri frå jakta i staden for å søkje meg fri frå formannskapet, ler han.

Sov i timen

– Det bør uansett vere viktige saker den dagen der. Det kan nok bli vanskeleg å konsentrere seg, men eg skal vel klare det og, seier han.

Men situasjonen kunne ha vore verre. Møtet var altså først sett opp til 5. oktober - den første dagen av elgjakta.

– Eg har nok sove litt i timen der ja. Så 7. oktober er jo slik sett litt betre. Det hadde vore verre å gå glipp av den første dagen av elgjakta, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %