– Det viser seg at det var ein gut på 14 år som er blitt skoten. Han fekk ei hagle-ladning på seg, seier operasjonsleiar i Rogalands-politiet, Jan Svein Larsen til NRK.no.
Sendt med luftambulanse
Ulykka vart meldt til AMK og politiet 11.30 søndag.
LES OGSÅ: Mann truffet av vådeskudd
– Det var medlemmer frå same jaktlag. Detaljar rundt korleis ulykka har skjedd har vi ikkje, seier han.
14-åringen vart send med luftambulanse til Stavanger Universitetssjukehus. Han har pådrege seg skader i hovud, bryst og arm.
Lettare skada
– Han er lettare skada og tilstanden hans er stabil, seier medisinsk sekretær Tone Garborg ved akuttmottaket til Stavanger Universitetssjukehus.
Saka vil bli etterforska ved Sirdal lensmannskontor.