10.02.2012
Mandalforliset

Overlevande fortel om dramatikken

Foliset i Mandal (Foto: Scanpix)

STERK HISTORIE: Dei to overlevande etter Mandal-forliset fortel om dramatikken då dei fire kameratane drukna. (Arkivfoto)

Foto: Scanpix

Dei to overlevande etter Mandal-forliset fortel om dramatiske timar då jolla deira kantra utanfor Mandal i midten av august.

Mannen som sumde fleire kilometer for å varsle om ulykka, Søren Thuesen, vil ikkje framstå som nokon helt etter at fire av kameratane ikkje kom til land.

LES OGSÅ: Ber fåtfolket sjå etter døde personar

Dansk TV2s intervju med de to overlevende.

– Det betyr ikkje noko. Eg har inga form for stolthet eller finn trøst over å bli omtala som helt, når fire gutar ikkje kom seg i land, seier Thuesen til dansk TV2.

Tøff sjø

Niels Højlund (Foto: Jan Johansen, dansk TV2/TV2DK)

Saman med kameraten Niels Højlund fortel han ei dramatisk historie om minutta der alt gjekk gale. Dei seks kameratane skulle ut å fiske utanfor Skjernøy utanfor Mandal der dei var på eit hytte. Det var dårleg vêr og tøff sjø då dei la ifrå brygga.

– Eg har vore i området i mange år - heilt sidan eg var liten gut. Eg har vore ute i liknande vêr tidlegare, seier Niels Højlund.

LES OGSÅ: Dramatisk båtulykke ved Mandal

Ingen av dei seks brukte redningsvest. I ettertid vedgår dei to overlevande at det burde dei ha gjort.

Søren Tuesen (Foto: Jan Johansen, dansk TV2/TV2 DK)

Føler ikke noe behov for å være helt

Foto: Jan Johansen, dansk TV2/TV2 DK

– Hadde ein av gutane spurt om vi ikkje skulle bruke redningsvest, så hadde vi gjort det. Vi har stor respekt for kvarandre, men det var ingen som nemnte det, seier Thuesen.

Båtulykke Mandal (Foto: Redningsskøyta Hvaler/Scanpix)

BÅTEN: Ein laus motorslange var årsaka til at båtmotoren stoppa. Ei bølgje slo over båten slik at den kantra. Jolla vart seinare funne. (Arkivfoto)

Foto: Redningsskøyta Hvaler/Scanpix

– Var ikkje uansvarlege

I etterkant av ulykka har dei seks fått kritikk for å vere uforsiktige. Lokale folk i Mandal sa blant anna at dei oppførte seg lite proft, og at dei hadde for lite og for dårleg utstyr.

– Vi var ikkje uansvarlege, slik delar av pressa har gitt uttrykk for. Ingen åtvara oss mot å reise ut, seier Niels Højlund til Jyllands-posten.

LES OGSÅ: – Dei oppførte seg lite proft
LES OGSÅ: Mandal vil hjelpe pårørande

– Vêret var ikkje dårleg, og vi gjekk heller ikkje tørre for bensin. Difor har vi ønska å fortelje kva som verkeleg skjedde. På grunn av ei rekkje uheldige omstende endre det med katastrofe, seier han.

Fekk motorstopp

Kort tid etter at dei seks hadde komme på sjøen med jolla si, fekk dei motorstopp. Allereie då prøvde dei å ringe etter hjelp.

– Eg tok mobiltelefonen min fram, men den var død. Nikolai tok fram sin og skulle til å ringe. Det var då bølgja kom. Mobilen var død og båten vart fylt med vatn, og den startar å synke, seier Thuesen.

LES OGSÅ: Esther (73) tok imot redningsmannen
LES OGSÅ: Laus motorslange årsaka

Dei seks danskane var berre rundt 200 meter frå land der båten kantra. På grunn av sterk motstraum måtte dei symje 2,5 kilometer lenger vekk. Dei seks var samla og trudde på eit tidspunkt at ein forbipasserande seglbåt hadde oppdaga dei.

– Det var ikkje land i sikte og det var ikkje hjelp i sikte. Etterkvart begynte ein etter ein å forsvinne i vatnet. Eg prøvde så godt eg kunne å dykke ned å hente dei, fortel Thuesen.

Søren Thuesen og familien (Foto: Henrik Hanselmann/Scanpix)

OVERLEVDE: Søren Thuesen var ein av dei to overlevande. Her er han på veg ut frå sjukehuset i Kristiansand saman med familien frå Danmark. (Arkivfoto)

Foto: Henrik Hanselmann/Scanpix

Nær ved å gi opp

Også Niels Højlund var i ferd med å gje opp.

– Når ein kjem til det punktet, at kroppen har sagt farvel, er det faktisk befriande å vere under vatn, fordi ingen ropar, det er ingen fortvila blikk og der er ingen bølgjer som slår imot deg. Ein ligg berre fullstendig i fred, fortel han.

Dei to overlevande klarte til slutt å komme seg i land. Søren Thuesen sumde og sprang i ni timar og ei strekning på 6-7 kilometer for å varsle om hjelp.

GALLERI: Bilete frå redningsarbeidet

– Eg gjekk på autopilot. Det var berre om å gjere å overleve. Eg ropte på Gud, seier han.

Måndag vart ein av dei fire sakna danskane funne død i skjærgarden utanfor Mandal. Dei tre andre kameratane er framleis ikkje funne.

Banner valgresultat 2011 468x110

Siste: Sørlandet

Se TV-sendingene
Høstradio, NRK Sørlandet
Klassequiz promo
Opplev Agder
SørlandsScenen

Siste riksnyheter

SISTE SPORTSNYHETER

Siste: Sørlandet