Hopp til innhold

Alt om kronprinsparbesøket

NRK Sørlandet har laga mykje stoff frå kronprinsparet sitt fylkesbesøk i Aust-Agder. Her kan du gjenoppleve det kongelege besøket.

Kronprinsparbesøk i Aust-Agder, dag 2

FYLKESBESØK: Kronprinsparet sitt besøk i Aust-Agder samla tusenvis i fleire kommunar i fylket.

Foto: Scanpix

Kronprinsparet innleia besøket sitt i Aust-Agder, då dei kom i land frå Kongeskipet i Lillesand tysdag føremiddag.

– Det er hyggelig å komme hit til Aust-Agder. Vi kjenner kysten godt frå før. Det er fint å bli kjent i innlandskommunane. Vi har eit variert og spennande program, sa kronprins Haakon.

– Vi har moglegheit til å sjå mange delar av livet her i Aust-Agder. Vi set pris på å komme der folk bur, og høyre korleis folk har det og bli litt betre kjent her, sa kronprinsen, la kronprinsen til.

LES OGSÅ: På plass i Aust-Agder

Video Kronprinsparet i Lillesand

VIDEO: Sjå video frå besøket i Lillesand.

Fekk møte innsette

Deretter gjekk turen til Evje, der kronprinsparet blant anna besøkte Mineralparken. Her fekk kronprinsparet ei orientering om klinikken, og møte med bebuarane.

I tillegg var paret innom fengselet der dei fekk omvisning. Her fekk kronprinsparet også møte dei innsette.

Video Kronprinsparet på Evje

VIDEO: Sjå video frå besøket på Evje.

Tysdag ettermiddag gjekk turen vidare til Grimstad. Her stod kronprinsesse Mette-Marit for den offisielle opninga av Campus Grimstad ved Universitetet.

På to hjul

– Kunnskap er den viktigaste byggjesteinen i samfunnet. Campus er ei av samfunnet si viktigaste kjelde til skaparkraft, der forskarar og studentar møttest, sa kronprinsesse Mette-Marit i si tale under opninga.

Video Mette-Marit åpnet Campus Grimstad

VIDEO: Sjå video frå opninga av Campus Grimstad.

Frå Universitetet gjekk turen inn til sentrum av Grimstad. Her sykla kronprinsparet miljøvegen saman med store og små, før turen gjekk gjennom nedre bysentrum. Her fekk kronprinsparet kulturelle innslag langs ruta.

Video Kronprinsparet besøkte Grimstad

VIDEO: Sjå video frå besøket i Grimstad.

Svidd skog for kronprinsparet

Onsdag føremiddag kom kronprinsparet til Pollen i Arendal. Turen gjekk vidare til Froland kommune. Kronprinsparet vart teke imot av ordførar Sigmund Pedersen.

Om bord på toget fekk kronprinsparet ei orientering om arendalsbana sitt 100-årsjubileum om bord på toget.



Folkefest i Arendal

Video Togtur i Froland

VIDEO: Sjå video frå togturen på.

Tilbake igjen i Arendal venta mellom 1500 og 2000 menneske på kronprinsparet. Her fekk kulturlivet i Arendal moglegheit til å vise seg fram.

Frå Sam Eydes plass i Arendal sentrum gjekk turen vidare til Vitensenteret i Arendal. Her opna kronprinsen ei utstilling om Naturmangfaldåret.

I tillegg fekk kronprinsparet ei omvising og orientering om UNEP/GRID, som er eit lokalt informasjonssenter for internasjonale miljøproblem.

Video Folkefest i Arendal

VIDEO: Sjå video frå folkefesten i Arendal.

Her skulle dei innom Mykland, der Noregs største skogbrann herja for to år sidan.

29 hytter og nesten 30 000 mål skog brann ned.

– Vi fekk eit luksusproblem med god tid, og dei kongelege snakka lenge med skuleelevar som hadde møtt fram, seier ordførar i Sigmund Pedersen til NRK.no.

Video Kronprinspar-Mykland-010910sl-131218-SI_SL.mp4

VIDEO: Sjå video frå besøket i Mykland.

Midt skogbrannområdet fekk også kronprinsesse Mette-Marit ei gåve. Ho fekk sin eigen minnestein med dato og namn rissa inn, til ære for kronprinsessa. Høgda der steinen er plassert har fått namnet «Kronprinsessehøyden».

Så gjekk turen innom Frolands verk. Her var det lunsj og ei teaterførestilling om Nils Henrik Abel sitt liv og død på Frolands verk.

Video Kronprinsparet på Frolands verk

VIDEO: Sjå video frå besøket på Frolands verk.

På togtur

Deretter sette kronprinsparet seg på toget til Arendal stasjon. Men før dei kongelege kom så langt vart dei stoppa av ein storsjarmør på 4 år.

Vetle Eng fra Froland stod klar med sjølvplukka blomster, som han skulle gi til kronprinsessa.

– Men eg fekk hjelp til å plukke, måtte han innrømme overfor kronprinsessa.

Besøkte Vegårshei

Tredje og siste dag av besøket i Aust-Agder, starta i Tvedestrand. Derifrå gjekk turen vidare til Vegårshei. Der vart kronprinsparet møtt av ein blomstergut og ei blomsterjente. Guten stakk av.

– Eg vil ikkje, ropte 5-åringen og sprang.

– Han fekk litt ekstra hetta då han såg alle politibilane, sa mamma Hanne.

LES OGSÅ: Forskrekka blomstergut rømte

– Fantastisk mottaking

Til slutt fekk kronprinsparet blomstrane, og kronprinsessa kunne gå på talarstolen.

– Kronprinsen og eg har gleda oss veldig til å besøkje Vegårshei. Vi har fått ei fantastisk mottaking her, og det har vore veldig hyggeleg, sa kronprinsesse Mette-Marit i talen sin på Vegårshei.

Kronprinsparet var blant anna innom Vegårshei Bioenergi for å få ei orientering om skogbruk, kulturlandskap og miljøvennleg energi.

Sjølv etter to hektiske dagar var kronprinsparet opplagde, friske og freshe. Ei av dei som fekk snakke med kronprinsparet var 13 år gamle Maria Mo.

Hadde mjuke hender

Ein ting reagerte Maria på. Mette-Marit hadde mjuke og gode hender.

– Det verka som ho hadde den same handkremen som mamma brukar, seier ho.

– Så ho lukta litt som mammaen din?

– Både ja og nei. Eg trur mange kvinner brukar handkrem altså. Iallefall når du skal gå å ta folk i handa heile dagen, seier ho.

På Vegårshei besøkte kronprinsparet parkettfabrikken Masis Design, som ble startet av Hovhannes Bayadjan, som kom til Norge fra Armenia for 10 år siden.

– Dette er et flott prosjekt som kommunen har støttet og hjulpet til slik at en en familie fikk oppfylt sin drøm.

Video PARKETTMANN-020910-SL-161004-SI_SL.mp4

VIDEO: Se video fra parkettfabrikken Masis Design.

– Takk for oss

Kronprinsparet avslutta Aust-Agder-besøket i Gjerstad. Her måtte paret svare på rykter som hadde svirra tidlegare på dagen. Danske medier spekulerte nemleg i at kronprinsessa var gravid.

– Det får vi sjå. Vi har ingen umiddelbare planar om det no, svarte kronprinsen.

Kronprinsparets besøk i Aust-Agder vart avslutta, og paret gleda seg til å møte resten av familien.

– Jeg leder meg veldig til å se tre unger, en hund og en mamma. Det er alltid godt å komme hjem når man har vært ute på tur. Synes ikke dere også det? sa kronprinsesse Mette-Marit.

Video KROMP-II-020910-SL-LO-200903-SI_SL.mp4

VIDEO: SJå video frå avslutninga i Gjerstad.

Til slutt kunne kronprinsparet oppsummere opphaldet i Aust-Agder:

Video OMDØMME-030910-SL-151350-SI_SL.mp4

VIDEO: Sjå kronprinsessa oppsummere besøket i Aust-Agder.

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %